søndag 7. april 2013

Perlehøner i Nærbøparken




Her skal hønegarden vera - og ja, me må finna
ei betre ordning på dei søppeldunkane. Men dei vert vel ikkje finare
same kva me gjer.
Me er igang me å laga ny hønegarde i Hykken. Tidlegare budde hønene i ei skyggefull og kjølig krå. Men me trur dei vil trivast mykje betre om dei får sol og ly for nordavinden.
Så no er hønehuset flytta til sørsida av fjoset. Det var der dei gjekk då eg var liten og besøkte farmor og farfar i Hykken.
Og i kveld var me å såg om fuglane i fuglaparken på Nærbø.
Der stifta me bekjentskap med perlehøner - fornøyeleg utsjånad på dei. Trur neppe det blir perlehøner i Hykken, til det var dei for flinke å fly.
Men me traff og på andre høner og hanar som kunne vera meir aktuelle å ha i Hykken. Me har i utgangspunktet tenkt på Jærhøner, sidan dei frå gamalt av høyrer til her.
Me må berre finna fram til nokon som driv oppdrett av den rasen.
Søte høner, tja.........
Stine lika seg best med endene, dei var rolegare og ville gjerne ha brødet ho hadde med.
Og rett etter fekk den umake anda seg eit godt rapp på halen......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar