søndag 7. april 2013

Kvar er vipa?



Det er april og tidleg søndagsmorgon eg vaknar til fuglesong utanfor soveromsvindauga. Får ei kjensle av byrjande sommar, herleg.
Står opp og trekkjer gardinene frå - og kva ser eg? SNØ
Eg burde nok ikkje bli overraska, det har vore frost heilt sidan nyttår og lenge før det nesten samanhengjande. Men ein stakkar kan jo drøyma, sånn midt mellom vaken og sovande tilstand.
Men sola skin og fuglane syng. Og i sola er det varmt, ja midt på dagen varmar sola godt i livekrå. Eg har ikkje lov å klaga.
Vipa er og komen, så vår er det, det er sikkert.
Eg tek med meg kamera ut i solskinet og vil leita etter henne - vipa.
Eg kikkar utover markene der ho plar å svinga seg så fornøgd og glad på tidlege vårmorgonar, men ser ingenting.
Men ein høyrer eg, det er staren. Han sviktar ikkje om ingen andre er ute og flyr i den kalde våren.
Han kikkar ned på meg og syng med si finaste røyst - innsmigrande.
Trur han ber fint om å få byggja reir, nærast mogleg bærbuskane mine.

Pyf, du spurde ikkje i fjor, kvifor gjer du deg til i år?


Fuglen blandt påskeliljene syng ikkje, han sit taus og passar på.
Og påskeliljene som det var umogleg å spa ned har fått stå i ei kasse, og har vorte flytta litt ut og inn.
Og no er det rett før blomane sprett.
Dei har tenkt seg om lenge, om dei skulle våga seg fram.

Andre stakkarar som er ute i den kalde våren har ikkje noko val. Dei må stå med beina i den frosne jorda.
Får nesten lyst å finna eit godt varmt pledd til dei . Men dei klarer seg nok.


Men vipa, kvar er ho?
Kan det vera ho har fylgt råda frå fjernsyns skjermen:
"Grav deg ned i tide, det er inga skam å snu"




Nei, eg får vel venta litt utover dagen, så er ho nok der att.

1 kommentar:

  1. Stakkars vipa og andre fugler som lever av det som finnes
    i jorda visst det er frost i bakken enda. Ikke mye å
    leve av da. Skal til Jæren i slutten av april og da
    håper eg våren er der for fullt.
    Ønsker deg en fortsatt god dag :)

    SvarSlett