torsdag 28. mars 2013

Påskeharen brukar GPS


Minstemann får starte jakta. Og ingen får ta frå henne gps-en
før egget er funne.
Ein gong kvar påske har me familiesamling med bål, pølser og eggjakt i Hykken.
For tida er det totalforbod mot å tenna opp bål, difor vart løysinga bålpanne på terassen.
Grillpølser høyrer jo påska til.

Og kvar påske kjem han, sikkert som bare det. Men i året som gjekk hadde han lært seg å navigera med GPS - påskeharen.
Gps-en hadde han lagt att på trappa, med eit punkt for kvart barn lagra. Så var det bare å setje igang med egg-catching.
Jaaa - fant det.

Mormor får ta ein titt på alt det gode som var i egget.

































 Even er neste mann ut, og har klar rettning.
Jammen et stykke å gå, men den som vil nyta han får yta.




Så var det Bjørn sin tur - utover markene i strålande solskin.
Og reglane frå påskeharen var klare, alle måtte delta på heile turen.
Skal me sjå, kvar var det haren hadde gøymt Sindre sitt egg?


Sjå der ja, nedi eit traktorspor midt utpå marka. Lur kar den der haren.
Ei moster i fint svev ned frå ein litt over middels stor steingard.

Alle var sjølvsagt spente på korleis det var med navigasjonskunnskapane til soldaten i brigade nord.
Ville egg catchinga gå bra for hans del?
Jaudå, det gjekk bra.
Men hugs at det kan vera lurt å løfta blikket frå det tekniske utstyret, for å sjå etter målet.
Også for størstejenta, Ragnhild enda jakta med godt resultat.
Så var jakta over for i år. Alle fekk ein times gåtur i nærmiljøet.
Ingen er så flink til å få barn og unge ut på tur som påskeharen.

1 kommentar:

  1. Jeg har vært på jobb i ettermiddag, og der fikk påskeharen oss ut på rebusløp. Måtte løse forskjellige oppgaver før vi gikk videre. Men tilslutt fant vi en pose med fler påskeegg inni. Ungene som var med på det ble veldig fornøyde.
    Morsomt med gps jakt på egg. Det er jo populært det nå bruke det på turer så det var kjempelurt.
    Ønsker deg en fortsatt herlig påskeuke :)

    SvarSlett