Og det vert Jærpåske for oss som vanleg, snø og ski driv me lite med. Me vert her i låglandet og ventar på våren me.
Men når ingen skal i barnehage eller på skulen. Storeguten er og komen heim att frå Bardu. Så nå blir det fine og rolege dagar.
For eit år sidan hadde me det varmt og godt, tek eg ikkje feil så hadde eg planta ut dei fyrste stemorsblomane.
Denne påska vert nok heilt annleis - etter jærsk målestokk er den iskald.
Dei fyrste feriedagane har me bruka til å laga litt pynt inne.
Stine kom heim frå barnehagen med fin påskekylling og eit reir med egg i. Egget var av det skjøre slaget og tolte ikkje ein tur i golvet.
Så me måtte ordna nokre egg som var meir hardføre.
Nå har me kjempekoseleg pynt på kjøkkenbordet til påske.
I butikkane kan me kjøpa mykje fint å pynta med, men eg synes det aller finaste og mest verdifulle er det ungane lagar.
Søndag var eg og Stine på Museum i byen. Me var og såg på utstillinga "Se bjørnen" og på Barnemuseet i Stavanger.
Det anbefales varmt som påske-utflukt om du bur i nærleiken. Stine (og mor) storkosa seg - og jammen fekk me ikkje laga oss ein kylling der og.
Etterpå var me på kino og såg "Karste og Petra blir venner" - har du ikkje sett den ennå, så finn ein liten venn og gå på kino. Filmen gav fred i sjela.
I dag vil me ut og finna på noko - sola skin, og om me finn ei god krå, så vert det nok ein fin dag.
Kanskje eg kan drista meg til å vaska terrassen?
Kos deg du og i påskesola.
Og til slutt kan me jo presentera vårt nyaste familiemedlem: Lucy
Ho vart med heim då mor var hos frisøren fredag før påske, sånt kan det gå -
Ei nydeleg kvit langhåra jente. Roleg og kosete.
Nydelig heimelaga påskepynt,å så fint det ligger på det svarte fatet.
SvarSlettGratulerer med verdens fineste katt. heldige Lucy, som har fått seg nytt godt hjem.
(men nå tør ikkje eg gå til frisøren ;-)
Herligt å gå ute i bare joggesko.
Ønsker dere ei riktig God påske.