onsdag 20. mars 2013

Gyldne øyeblikk

Kaffi på terassen ein litt kald vårdag
 I desse dagar er det eit års tid sidan eg byrja å skriva på blogg.
Det var nok ein impuls som starta det, eg trudde nok ikkje det ville verta så gildt som det vart.
For det har vorte viktig for meg, ikkje kor mange som les, eller kva tilbakemeldingar eg får. Sjølv om begge delar er både oppmuntrande og gildt.
Men i tilegg til desse tinga så kjenner eg at eg ofte leitar etter gyldne øyeblikk i kvardagen som eg kan bringa vidare og dela med dykk.
Det gjer noko med kvardagen, det å leita etter det gode og positive.
Om me byrjar å leita så er kvardagen vår full av dei bittesmå gleder - det er sikkert ein klisje. Men det er ein grunn for at enkelte ting er sagt så ofte at det vert klisje.
Det ligg ei meinig i det som me så gjerne skulle teke meir til oss.

Eg sette meg ned å leita gjennom bileta mine i dag, for å sjå etter gyldne øyeblikk - og eg fann mange.

Klesvask på snora ein sommardag
 og hoppetau som nett fekk svinga seg
Men eg fann enno fleire når eg berre vart sitjande og stirra tomt ut i lufta.
Minner og småting som eg hugsar, som berre lever i mitt minne.

* Skøyteturar i marka med gode venner på vinterdagar heime.
* Dissa i hagen heime under store grøne tre.
*Stå  på kjøkken og lage mat til småtroll som vil på tur i marka åleine (me går bare sånn at me ser huset altså)
Roser og lavendel - gylden duft
*Gode stunder med bok på sengekanten
* Fine kvardagsmiddagar på kjøkken, med små diskusjonar og sånnt


Av og til finn me og dei store øyeblikka - dei er gode og fine dei og. Men når kvardagen røynar som mest trur eg ikkje det er det store me lener oss på.

Når kvardagen flaskar seg til, då lengtar eg ikkje etter dei store hendingane.
Då lengtar eg etter ein gåtur i kjent terreng, ein roleg kaffikopp på kjøkken, ein mjuk og malande katt i fanget, eller eit smil frå ein venn sitt hjarte.




2 kommentarer:

  1. Så fint og godt skreve, kjenne eg er enig i å huske på dei små tinga som set en vanlig dag i nytt lys.

    SvarSlett
  2. Ja det er noe av det positive med blogging.
    En leter stadig etter noe positivt å lage innlegg om
    og det gir mange positive stunder.
    Koselige bilder du deler i dag. Gleder meg til varmere dager.
    Ser på værmeldingen at det er mulig vi får sol og varmegrader
    i over ei uke fremover.Blir herlig.
    Ha en herlig morgendag :)

    SvarSlett