mandag 7. januar 2013

Når fuglane flyg....

Det er så rart med det, ungar veks og vert store. Og etterkvart er det berre å innsjå at tida då eg kunne samla dei alle under vingene er over.
For å seia det med ein gong, eg vil ikkje ha ungane buande heime "til dei er 30" - det er overgangen eg gruar for.
Om eit par dagar reiser fyrstemann. Langt nordover, i militæret.
Må vera forsiktig seier eg - og håpar (og trur) inderleg at vingene ber.
Nå kjem den fasen der eg skal vera "heime" Der ein alltid kan koma tilbake.
Bordet var pynta med Erlend sine leikekrigarar















I ettermiddag hadde me familiesamankomst i fjoset - med tapas.
Ein slags "lykketil" fest for Erlend.
Han gleder seg veldig.
Tapas er veldig godt - og me kan eta lenge

"Bakom den store svingen på ein ukjend framtidsveg
ventar det kan hende ingen som kan styra dine steg.
Kva du gjer, og kva som hender,
kor du fer, og koss det ender
- det er berre opp til deg"
Ingvar Moe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar