Dette er ein veldig fin gåtur på nokre timar gjennom varierande terreng.
I dag gav turen nokre ekstra utfordringar. Nokre stadar var det ennå snøfenner me kava oss over, andre stader var stigen overfløymd av vaten og likna meir ein bekk.
Likevel var det herleg å koma seg ut å gå etter dagevis med tunge middagar og mykje inneliv.
Veret var heller ikkje så verst, iallefall opphaldsver.
Mykje vatn i urånå i dag Her og der var stigen ein bekk, og minsten måtte ha hjelpfor å koma seg tørr over.
Men det hjelpte lite då ho var uheldig og bomma litt då ho skulle hoppa over ein bekk litt seinare. Heldigvis hadde me kleskifte med.
Snøen var roten, og me tråkka gjennom her og der.
Me hadde ein flott tur - og kom vel heim. Men litt knall og fall vart det for både store og små. Fin måte å starta det nye året på. Måtte me få mange fine turar i året som kjem.
En optimist er oppe fram til midnatt for å ønske det nye året velkommen.
En pessimist holder seg oppe for å forsikre seg om at det gamle året forsvinner.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar