 |
"Sturnus vulgaris" |
I dag då eg sat på kjøkken med kaffikoppen min trippa denne vesle skapningen kring på plenen. Stakkar stare, så du har antageleg overvintra her hos oss du. Kor gøymde du deg i snøstorm og kav, var du innesnødd du som eg?
Likevel gav du meg eit lite blaff av vår. Du var nok glad for regnet og varmegradene du med, der du leita etter noko å eta i plenmosen.
Der eg sat med kaffikoppen min kom lengten til vårsol og varme - det var heilt klart altfor tidleg å lengta for oss begge, men.....
Nissane og resten av julepynten måtte vika. Eg rydda og pakka vekk - så tok eg bilen til ein stad der eg visste eg ville finna fleire lovnadar om vårkjensle.
Eg fann det eg leita etter.
Nå er huset mitt fullt av fargar og vårlengt - alfor tidleg, eg veit det. Det kan enno koma mange vinterstormar, men nå gjer eg mitt, eg og staren.
Det kan nok verta lenge å venta, når me byrjar å venta så tidleg - og du som les, lengtar kanskje meir til vinterens skiturar enn våren nå.
Men eg og staren - me er eininge.
Imorgon skal eg tenkje på det nye året som kjem, men ikkje i dag. Imorgon skal eg tenne stjernskudd og innsjå at det er mange veker til vår enno.
Men om staren dukkar opp imorgon og, så tillet eg meg nok å tenkja på at eg har ein forbundsfelle.
Skulle ønske jeg kunne begynne å tenke på våren nå.
SvarSlettMen her er det dessverre minst tre måneder igjen enda før vi kan håpe på grønne flekker på bakken.
Men da vi gifta oss på Jæren for 28 år siden den 20 des. var det grønne plener og mange varmegrader. Noe flere av de som var i bryllupet ikke hadde opplevd før.
Kos deg med primulaene og tanken på våren :)
Ønsker deg og dine et riktig godt nytt år:)
SvarSlettKlem fra Elise
Da er me 3, eg og du og staren ;-)
SvarSlettØnsker deg et Godt nytt år!
Klem,
Nydelig skrevet..godt nytt år fra oss i Humlehagen!:)
SvarSlett