tirsdag 8. januar 2013

Januarhage - etter snøstormen



Stakkar Rododendron - den som hadde så flotte rosa blomar sist vår.
Men kan hende kjem han seg, om berre våren vert mild og fin.
Han for ikkje fint fram snøstormen som vitja oss i desember.
Me ser det tydeleg nå når snøen er iferd med å tina vekk. Sjølv dei alle tjukkaste fennene ser ut til å måtta gi seg etterkvart.
I helga våga eg meg ut med riva, klarde ikkje halda meg. Mange plussgrader og vårkjensla kom krypande. Heile dagen heldt me på, raka løv og køyrde vekk i trillebåre.
Hendene hadde heilt gløymt av korleis det var med hagearbeid, så no har eg to flotte blemmer å syna fram.
Sjå i Hykken har me byrja våronna kan eg seia.

Ein ting er sikkert, i år vert våronna drøy. Enormt med greiner er knekt, og i hagane er det fult av stort og smått av kvist og kvast som må ryddast.
Mykje godt arbeid å sjå fram mot, og gle seg til.
Dei går nok mot ein pjuskete sommar for mange av trea i år.
Men dei kjem seg nok med tida.

Eg må nok innsjå at draumen om saftige og søte plommer
frå dette treet kan skrinleggast.















Men så ser eg på vermeldinga at om eit par dagar melder frosta sin ankomst att.

Ja, ja, det er nå berre januar. Kan jo vera at me ennå ikkje har hatt vinterens siste snøstorm.
Eg smør meg med tolmod som best eg kan, men om gradestokken syner meir enn fem - er ikkje eg vanskeleg å lokka frem..

Ha ein fin Januar, anten du nyt han i kvitt, grått eller grønt ;-)

Grått og litt tungt, men mildt nok til å lokka fram vårkjensla
13. dags Knut jagar jula ut...........
"Ennå er det langt til vår, langt til rogn i blomstring står"

2 kommentarer:

  1. ja her har da blåse friskt. me får drøyme lett om våren lell :D

    Klem!

    SvarSlett
  2. Du er flink til å skrive! Så synd med plommetreet! :)

    SvarSlett