tirsdag 27. november 2012

Den gode førjulstida er igang


Når nettene blir lange
Endeleg, der var det igjen mulig å blogge, bilder blir lasta inn og alt føregår på norsk, JIPPI
På lørdag hadde me ein kjempefin dag i Hykken, endeleg ein dag utan regn (bare småbyger)
Me var ute å fiksa litt til advent rundt fjoset. Eg laga ein stor krans til å ha på veggen utanfor, kongletreet fekk stjerner på (dette har eg blogga tidlegare korleis eg laga)
Veggene vart spylt, og visne blokker raka vekk.
Kjenner verkeleg at adventskjensla sig innover.


Nå gler eg meg veldig til å ta imot alle dei som skal besøkja "Fjoset i Hykken" nå i førjulstida.

Eg byrja å laga kransen med ein ring av ganske tjukk ståltråd. Deretter vikla eg greiner av bjørk og lerk rundt.
Litt grønt og ei av klokkene som far har dreia som pynt på eine sida.
Må nok finne ei litt raus sløyfe å sette på, så blir det heilt bra.
Fin klokke

Har veldig sans for å bruke litt mosegrodde
greiner i dekorasjonar
Og innimellom jobbinga måtte me halda litt i sykkelen,
Stine hadde nemleg bestemt seg for at nå var det på tide å læra å sykla.
Og det klarte ho, bestemt lita dame.
Litt snødryss nå - så blir det bra

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar