fredag 30. november 2012

Saniteten på juleavsluttning

Kveldsstemning
Torsdag 29. november hadde Saniteten bestillt fjoset til sitt julemøte. Det finns visst mange forsjellige Sanitetsforeningar, denne bestod av 12 damer og bestillinga var fjoset ferdig adventspynta, og det skulle serverast grøt.
Sjølvsagt ei gild oppgåve, laga selskap er jo det eg likar.
Og for eit julemøte det vart.
Damene hadde tydelegvis teke med sitt aller beste humør, sangstemme og stilt inn stemmen i rette drøsemodus.

Og pludseleg finn eg meg sjølv sitjande i bronnhuset (kjøkken) og høyrer 12 glade damer i lystig lag.  Då grøten var spist, var det tid for song. Både pianoet vart brukt og eit medbrakt trekspel. Eg kjende julastemmninga koma sigande, ikkje minst då denne gamle gode "jolesongen" kom

Bordet ferdig dekka









Mosekuler, mose med sølvtråd vikla rundt - enkelt og fint.
Annemor og VesleperTekst: Ola Aurenes - tone: Tordenskjold

1. Annemor og Vesleper veit at Jolekveld det er,
då dei Joletre må ha, men kvar skal dei treet ta.

2. Skogen er så langt i frå, og dei kan han ikkje nå.
Ute dei på vesle bein, far er burte mor er klein.

3. Anne tenkjer ut og inn, løysing då til sist ho finn,
tek så fram ein kjøkenstol; Per no skal me halda Jol.

4. Finn så fram ein limestubb, kanskje var det gryterubb,
set så den på stolen ned, Per no har me Joletre.

5. Tek så Anne Per i hand, no er dei i lykkeland.
Syng så glad om ”Arme små”, ”Glade jul” og ”Himmel blå”.

6. Monsemann og Tuppemor ser på leiken utan ord.
Annemor og Vesleper gled seg no for Jol det er.

7. Er du berre barn i sinn, vil nok gleda koma inn.
Sjølv i tome fattig krå, barnesinn vil lukka nå.

Lilla løper på kvit duk, lilla lys, lerkekvister og sølvkuler.



Denne songen er nok ikkje så mykje bruka blandt dei yngre i dag. Innhaldet høyrer og til ei anna tid.
Men han gjev ei god og gamaldags julekjensle.
Skal gjera mitt denne jula for at denne songen ikkje skal gå i gløymeboka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar