torsdag 12. april 2012

Frå fjos til selskapslokale


 Frå fjos til selskapslokale


Fjoset på garden er byggd i 1960 av farfar. På den tida ringde dei ikkje eit byggjefirma når noko skulle byggjast. Nei då var det å ta hammaren i eiga hand og setja igang.
Frå før av stod det eit gamalt og lite fjos på garden, men no var det nødvendig med eit nytt og større.

Då eg overtok garden i 1995 var det ikkje lenger drift på garden og det "nye" fjoset stod tomt.
Men fjoset var godt byggd og fint vedlikehalde så forfallet var ikkje så stort.
Her er kubåsane ute og golvet er hogga opp

Klar til støyping av nytt golv
Etterkvar kom ideen om å bruka fjoset til noko, ingenting er så styggt som gamle byggningar som står til forfall. Så i 2009 bretta me opp armane, eg og Olav.



Hadde me den gong visst kva me gjekk igang med hadde me vel tenkt oss om ein gong til. Det har gått med MANGE helger, kveldar og feriar. Enno er me ikkje ferdige. Men no er hovudrommet, kjøkken og toalett ferdig. Og jammen har ikkje morfar fått ei "dreiebu" og Olav ei "jaktbu"





Den aller tyngste jobben var å hogge opp golvet og trille ut all massen i trillebårer. Massen vart tippa i siloen, der det og er støypt golv.

Alle vindu og dører vart skifta, Olav vart ein kløpper på å retta vindauge og dører etterkvart.


Ny dekor på gamal dør

Innvendig har me teke vare på ein god del heimelaga gammle dører (laga av farfar)




Dei gamle dørhengslene er fantastiske synes eg.


Alle veggene måtte setjast opp på nytt innanfor dei støypte veggene. Dei var nemleg veldig skeive.
Tak og vegger vart isolert og kledde med panel. Golvet fekk parkett.



Denne fann me støypt inn i midtgangen

Triveleg i fjoset nå synes me



Farmor sin kaffikjele og vassause

Farmor sin symaskin

Skipskista til oldefar


Me synes det er flott å ha god plass når me skal samla familien til selskap.
Eller me har venner på besøk.

På eine veggen har me laga eit "collage" med bilete av folk og fe i Hykken. Både dei som bur her nå, og dei som ikkje bur her lenger.



På toalettet har me valgt ein litt sprek tapet på eine veggen.
Melkespanna er autentiske og ber garden sitt meierinummer enno.



Til slutt eit bilete eg er kjempeglad i. Farmor som sit på fjostrappa og klappar kattane.

Ei slik farmor skulle alle hatt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar