søndag 8. april 2012

Påskeaften

JIPPI
Påskeaften har me tradisjon for pølsegrilling og egg-jakt i Hykken. I år var moster og søskenbarn og med.
Me starta med pølser på bålpanne på terassen, veldig godt med grilla pølser nå før me har fått for mange på diverse avsluttningar før sommaren.
Ragnhild var på jobb - og me måtte lova å ikkje starta jakta før ho var heime att.
På føremiddagen hadde eg laga rebusløype til kvar av ungane.  Det vert gøymt lappar med gåter rundt omkring på garden, og kvar gåte må løysast for å finna ut kvar neste lapp ligg. For dei største vart det ein del gåing - men skal ein ha påske-egg etter ein har blitt "vaksen" må ein jobba for det.
Stine har funne sitt egg - Even leitar på "siste" post
Stine som ennå ikkje kan lesa hadde bilet-rebus. Ho fann lappar med bilete plasser ho skule gå til. Til slutt fann ho påske-egget .........inne hjå kaninen.

Even fann sitt  - godt vakta av Buster. Bjørn måtte leita der hesten gjekk over - for å koma inn på løa.







Stine har funne eit nytt bilete ved inngangsdøra

Bjørn i ripsbusken




















Langt å gå for nokre ;-)

Even har funne ny lapp, ved "klukk, klukk"

Egg funne på den gamle utedoen

Der var det, endeleg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar