onsdag 2. mai 2012

Prosjekt - ny platting

Sindre igang med tettingsarbeid
ein gong i tida stod det eit gamalt lite fjos på garden. Fjoset er rive for lenge sidan, når det "nye" vart byggd.
Men grunnmuren lot ein stå att, for å bruka det som fundament for eit skikkeleg stødig tørkestativ for klær.
Denne plattingen har og vore god både å hoppa tau på, hoppa paradis, leika med dokker osb.
Men for eit års tid sidan skulle me grusa opp gardsromet, og ein av lastebilane fulle av grus forvilla seg oppå platingen - det vart for mykje for han. Han fekk eit djupt søkk.
Men me ville gjerne ha plattingen, gardsromet er stort og det trengs å brytas opp litt
Me er godt fornøyd med resultatet.

Erlend og Sindre reier

Armering skal i denne gongen

Så var det støypt, og forskalinga heldt, heldigvis.


Synes ikkje det er mykje å seia på utsikta frå plattingen.

Klar til bruk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar