torsdag 21. november 2013

Hjarter av ull - filting


I år går me for heimelaga juletrepynt i Hykken. Ingen glaskuler eller kjøpenisser.
Etter ein periode med mykje jobb hadde eg laga meg ei "gulerot", når eg var ferdig med arbeidsdagen 21. november skulle eg kjøyre rett til Holen ullverkstad og kjøpa meg ull og filtenåler.
Hadde sett så koselege filta hjarter med påsydde knappar ein stad, og det hadde eg så lyst å sjå om eg kunne få til.
Ikkje berre fekk eg det til, men Stine vart og ein filtar denne ettermiddagen. Kjempekos!
 Her er Stine igang med eit raudt hjarte. Me la ull i ei vanleg peparkakeform (hjarte) så var det berre å setje igang med å stikke ulla saman.
Det var ikkje vanskeleg.
Og resultatet var kunstnaren godt fornøgd med. Me fann fram den gamle knappeboksen me arva i syskrinet etter farmor i Hykken. Dei vart fine med ein knapp på.
Her er dei hengde opp på ei grein - juletreet kjem ikkje på plass hos oss før vesle julaftan.

Hyggjestund på kjøkken for mor og minsten.

1 kommentar:

  1. Koselig med noe en kan gjøre sammen med ungene.
    Ullhjerter er flotte. Koselig julepynt.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett