tirsdag 19. november 2013

Alternativt "juletre" og jul i november


Midt i november skulle me husa årets juleølsmaking for Nisseklubben.
Hykkenmannen er nemlig medlem av den eksklusive klubben av ungdomskammerater som er nisser heile året. Har du lyst å lesa meir om desse  kan du klikke deg inn her :http://www.nisseklubben.com
I paragrafane deira står det at den som husar klubben sine samankomster også må sørga for at det er eit juletre på plass.
Då både eg og Hykkenmannen (her Nissemannen) syntes det var noko tidleg for juletre, så fann me eit alternativ.
Her er utgangspunktet:
Grein av Islandspil
Svart bøtte frå Biltema som vart spraya med kobberspray.
Me blanda saman sement, sand og vatn i bøtta, og putta greina oppi.
Me støtta greina inntil ein vegg og let ho stå to - tre dagar til størkning.
Dette var den første me laga, den vart for vid og brei. Så den var kjørt "på jobb", og pryder nå biblioteket der.

 Her er greina pynta og på plass i fjoset.  Treet er pynta med heimestrikka julekuler og dreia juleklokker.
Eg er heldig og har ein far som dreier og ei faster som strikkar.

Kanskje kan treet etter jul brukast som dekorasjon med anna pynt på. Snøkrystaller på vinteren, kyllinger og egg til påske…………. bare å bruka fantasien tenkjer eg.

Litt rart med julepynta fjos i november, men, men………….. me hadde det gildt.

1 kommentar:

  1. Må si at jeg misunner deg det Fjose ditt litt.
    Skulle gjerne hatt god plass å dekke til minst 20 stk.
    For det er vi har noen ganger i året. Og da blir det trangt,
    og en må sitte i to stuer i tillegg til på kjøkkenet.
    Men alle får en plass å sitte.
    Et stilig "juletre" og gjenbruksvenlig.
    Ønsker deg ei herlig uke :)

    SvarSlett