onsdag 28. august 2013

Byggje sitt eige langbord



 Me har ønska oss eit langbord i fjoset lenge. Fram til nå har me sett saman fleire småbord.
Det har heile tida vore meininga at me skulle byggja eit bord som passa akkurat, men så går åra...........
I kveld har me lena oss tilbake og sagt oss godt nøgde med det heimelaga bordet.
Hykkenmannen held føre at dette kan ein klare laga sjølv om ein har litt fleire tommeltottar enn normalt.
Bordet vårt er 4,5 meter langt og 119 cm bredt.
Viktig med kraftige bein, for å halda oppe tyngda av bordplata.



Bordet måtte setjast saman inne i fjoset. Det er både for tungt og for langt til å koma inn og ut dørene.


Bordplata vart saga til og pussa ute, heldigvis har me gode naboar som hjelpte til med bæring :-)

Bordet mala me med golvmaling, det skulle vera slitesterkt og bra.

 No gler me oss til å innvia bordet :-)
Me er godt nøgde med oss sjølv.


1 kommentar:

  1. Ja det var litt av et bord.
    Plass til mange der. Og så¨
    greit å slippe at småbordene
    deler seg opp underveis.
    Blir nok mange flotte sammenkomster
    rundt dette bordet fremover
    Ønsker deg ei herlig helg :)

    SvarSlett