onsdag 12. desember 2012

Lussinott, snø og lussekatter


Lussinott lange.
Frå gamalt av rekna ein lussinotta for den mørkaste i året. Det var og nå jula tok til.
Denne natta var tussar og troll ute - og ein gjorde klokast i å halda seg inne.
Andre meinte at  Lussi var ute, ho var mørk og ond om natta, men vart lys og god om dagen.
Ein ting er sikkert at med 40 cm snø ned frå himmelen i dag, så er stemmninga avgjort trollsk i Hykken.
Nesten så me venta å sjå ein liten mann under busken.



Som sikkert mange veit så har me ein fjosnisse i Hykken - men han våga seg nok ikkje ut i lussinotta han heller. Me såg ingen spor i kveld iallefall.

Tidleg på kvelden tok iallefall me sjansen på ein tur ut i snøen, det er jo ikkje ofte me opplever å vasse i snø til knea.
Kjempegildt var det.
Men turen ut vart kort, det var kaldt og snøen lura seg ned gjennom nakke og inn på legger.
Særleg fristande var det heller ikkje å ta ein kvil på benken akkurat i kveld.



 Lussekatte deigen stod å godgjorde seg medan me leika litt i snøen.
Deigen er litt klissete og må arbeidast med "lett" hand. Men så vert dei veldig gode og.

Og vel inne var det tid for lussekatt baking. Lussekatter et me kvar 13. desember til frokost. Kjempegodt.
Her er mi oppskrift:

LUSSEKATTER
50 g gjær
150 g meierismør
5 dl melk
gurkemeie (eller 1g safran)
135 g sukker
(1 ts kardemomme)
750 g hvetemel
Nam, ferske lussekatter og kjempefin figur som eg fekk i adventsgave.

2 kommentarer:

  1. Så koselig !! Det er fantastisk fint med snø !!

    Hilsen Gøril

    SvarSlett
  2. Ja det er utrolig mye snø på Jæren nå.
    Mye mer enn vi har her på det indre av østlandet.
    Og jeg savner den ikke. Men koselig på bilder er det.
    Her står lussekattbaking på programmet i dag.
    Smaker godt med fersk gjærbakst, og lussekatter er kjempegodt.
    Ønsker deg en herlig torsdag i førjulstida .)

    SvarSlett