torsdag 18. oktober 2012

Finn eit strå - træ hausten på


"Utpå hausten så fell det blokker, mange blokker, gule blokker.
Heile verda er berre blokker, ta eit strå å træ dem på"
Det var nok ikkje den songen ho tenkte på Stine 4 år som kom springande inn døra etter middag i dag og ropa "Sjå mor, kva eg har laga"
Ho hadde funne seg ein bit av vikletråden min, og tredd på gule og brune lønneblokker.
Heime hjå oss vert lønn rekna som ugras. Heile våren og sommaren dreg eg opp på lønnespirer i bed og gardsrom. Og om hausten druknar me i blokker. Plagsomme mengder kan ein seia. Men så kjem altså Stine og synes ho har laga kjempefin haustpynt. Og eg må vera einig med henne, visst er blokkene fine, det er berre eg som ikkje har sett "skogen for berre tre" Kvart lønneblad er som eit kunstverk, ulikefargar, ulike teikningar. Av og til treng eg sårt å sjå verda gjennom auga til ein 4 åring. Takk Stine for ein koseleg ettermiddag i lønneblad haugane i  Hykken - ganske så fine vart lønneuroane me laga og.
  
Store mengder, ikkje lett då å sjå at kvart blad er eit lite

KUNSTVERK
Lønne-uro

3 kommentarer:

  1. Naturens eget kunstverk :) Lykke til!

    SvarSlett
  2. Næmmen, så flink og kreativ jente du har da!
    Kjempemorro at hun har sett det vakre i det :)

    Koselig å ha deg med på konkurranse!

    SvarSlett
  3. Herlig innlegg med skjønn jente :)

    SvarSlett