søndag 2. september 2012

Haust - Hagen - Hykken



Åpningsbilete er ikkje akkurat frå hagen, meir utsikta frå hagen. Men berre for å illustrera at i dag ligg regnskyene tungt over Hykken. Hausten er utan tvil her. Lenge sidan me har orka oss ut i regnveret for å luka. Men likevel har hagen sine fine sider, ikkje så blømande lenger, og ikkje så frisk. Men så er det vel meininga og med vekstene, det at det skal visna ned for å kvila. Og så koma med nye lysegrøne skudd til våren.
Regntunge roser

Evig sol og varme ville gitt oss ørken - ikkje at denne sommaren har fått oss til å tenke på det. Men uansett - er glad for at årstidene skifter og gjer oss nye ting å gle oss til.
Hausten er full av gode opplevingar - me skal gå haustturar i fjellet, me skal på jakt etter rådyr og me skal  kosa oss inne med levande lys.
Og så skal me gjennom mange heilt almindelege kvardagar, med klevask, snue og alt det andre som er ein del av livet.






Og regntunge erterblomar

Desse veit eg ikkje kva heiter, men fine og gule når dei blomstrar,
 og brune og fine etterpå

Ikkje berre mose i plenen lenger - no og sopp

Fine lerkekonglar, kan bli pynt til jul

Styla blokke (he,he....)





























































"Har du vondt i magen, så gå til Per i Hagen, sett deg på ein stein og gnag så på eit bein. Så blir du god i magen"
Eit mykje bruka vers då eg var liten og klaga litt på vondt i magen.


I ein krok lengst nede i hagen, der "Per i hagen bur"

Gjennom Hykken går turveg over til Taksdal.
Det er ikkje Alver på bileta berre regndråpar,
trur eg........
Ser at me må nok til å saga i asketreet vårt,
Gamalt og majestetisk.
Nesten som me har har litt respekt for det treet


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar