tirsdag 11. september 2012

Har du sett den nye bilen - ikkje det nei

Mange syns at bil er svære greie - dess sværare bil, dess sværare greie. Bare for å slå det fast med ein gong, eg synes ikkje det.
 For nokre år sidan vart det slik at eg fekk behov for ein bil med plass til vogn. Eg vett at i min alder så synes mange at det burde væra andre ting enn vogn eg burde begynna å tenka på plass til i bilen - sånn så rulator (eg skreiv begynna å tenka på....) Men altså, eg trong plass til vogn, så eg kjøpte ein Toyota Avensis. Knall goe bil, og vognå smatt inn så bare det.
Men nå har det gått nokre år, og me brukar ikkje vogn lenger. Då tenkte eg at eg heller ikkje hadde behov for så stor bil. Og dess meir eg tenkte, dess meir forlokkande vart det med ein liten snerten bil.
Javel, eg byrja å leita på nettet, yaris, mazda2, mini..... det var mykje spanade på småbilmarkedet.
Falt aldeles i staver for ein snerten liten ting kalla Fiat 500, den var jammen kul. For her snakke me utseende, eg har jo ikkje greia på bil, sånn når det kjem til motor og sånn.
Så sa eg det til Hykkenmannen,at ein slik har eg lyst på.
Draumebilen
Han såg på meg - han såg på bilen - han såg på meg. Javel, sa han.
Me reise inn til Toyota først, sa han.
Veldig sint bil
Javel, sa eg. Så gjorde me det. Og for å gjera ein laaaaaang historie kort.
Mannen på toyota ville selga HYBRID..... viss eg bare ville prøvekjøra så ville eg gjera dette til den beste lørdagen i hans liv - eg prøvekjørde - lika godt den - mannen skreiv pris - NEITAKK - hadde ikkje tenkt det akkurat.
Ny lørdag, ny tur ut å sjå på liten bil.
Nå var eg klar, EG vil prøva ein sånn fiat.
Fant ein Fiat - prøvekjørte - supert - 2 cm klaring mellom biltaket og føraren sit hovud - kom til fartsdump - AU - NEITAKK
Det var då sjebnens kommentar kom frå Hykkenmannen - skal me kjøra bort på å sjå på nissan?
Ok - sjå på nissan - eg trur på nissan, dei hadde noko dei kalla micra, den er nok liten tenkte eg - og det var den. Liten snerten og superfin...... eg prøvekjørte. Ingen kul i hovudet. Fantastisk - den vil eg ha.
Vel heima viser mor stolt fram bilete av den nye bilen på nettet.
"Seriøst, mor, har du kjøpt den, det ser ut som ein delfin"
Ja det har eg, den går like fort til lands som til vanns.

Det er utruleg kor mykje glede eg allereie har klart å skapa kring om meg, berre ved å kjøpa meg ny bil. Den er verd kvar krone, forlengjer livet til mange (ein god latter forlengjer livet...) Har de sett den nye bilen til mor, ikkje det nei, ikkje løye det for ho finn han ikkje alltid sjølv heller.
Viss han ikkje starte så kan du jo sette den i fri og bruke den som rulator.
Finne du ikkje bilen, nei du gløymde han sikkert på jobb.
Shh, du kan jo bara kjøra under trailerene.

Gode dører og alslags

Delfin liksom

Skulle vera mulig å få god fart nedover låvebrua



Må bare få seia at eg eg stolt over den nye lille bilen min. Så får igunnen andre seia kva dei vil - er glad for å kunne skape litt glede og latter - Kan ikkje du vinka te meg neste gong eg er ute?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar