søndag 16. september 2012

Å dekke eit haustbord - Far 70 år




Fredag 14. september vart far 70 år. Sjølvsagt skulle det stelles til fest i fjose.
Ingen sak å dekke bordet til fest når ein berre kan ta ein liten tur ut å sanke inn på nydelige raude rognebær.
Saman med jubilanten sine eigne trearbeid syntes eg resultatet vart flott.








Av Arne Garborg

Pengar hev ikkje noko verd i seg sjølv. Du kann ikkje eta dei, ikkje drikka dei, ikkje klæda deg med dei. Du kunde hava lumma full av pengar, og svelta, tyrsta, frjosa i hel - um der ikkje var mat og drikka og klæde å få.
Pengar er langt ifrå det største gode, ikkje det næst største heller. Men dei er eit stort gode for den som brukar dei vitugt.
For pengar kann ein få alt, heiter det. - Nei, ein kann ikkje det.
Ein kann kjøpa seg
mat, men ikkje mathug,
dropar, men ikkje helsa,
mjuke senger, men ikkje svevn,
lærdom, men ikkje vit,
stas, men ikkje venleik,
glans, men ikkje hygge,
moro, men ikkje gleda,
kameratar, men ikkje venskap,
tenarar, men ikkje truskap,
gråe hår, men ikkje æra,
rolege dagar, men ikkje fred.
Skalet av alle ting kann ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.
 



1 kommentar:

  1. Så flott pynta, skikkeleg haust stemning. En veldig koselig feiring i fjoset.

    SvarSlett