torsdag 23. august 2012

Haust og alt det som ikkje vert sagt

Synes du eg føregrip hausten - blokkene er begynnt å raudne i Hykken
Veit ikkje om det er denne tida me skal kalla seinsommar, eller om me no har kome til tidleg haust. Kjem vel ann på tenkjer eg, om du ynskjer at sommaren skal vara ei stund til, eller om du ein av dei som ser fram til kalde klare dagar, med rimfrost som tiner i morgonsola.

Hausten er på mange måtar ei vemodig årstid. Mot slutten av vinteren lengta me etter våren, såg på trea etter nye skudd. Leita under blokker frå ifjord etter snøklokkespirer.
Fyrst blømande valmue i juni
Så, då dei nye skota spirer og våren kjem for alvor blir det som du er vitne til ein monolog eller eit teaterstykke. Stykket byrjar, skodespelarane kjem på scenen, og sjølv om du skulle ynskja at dei stoppa opp og dvela meir ved enkelte delar av stykket - så gjer dei ikkje det. Våren og sommaren rullar avgarde med oss, der og då er det godt å vera i det. Mange augneblinkar å nyta, mange varme og gilde minne å ta med.

Herborg Kråkevik "Haust" Kanskje litt trist haust song - men nydeleg likevel.





Så i august,frøkapsel,
med lovnadar om nye blømande junidagar.
Hausten endrar scenebilete, fargar det i andre fargar. Gjev oss nye augneblink å nyta, og å hugsa.
Skodespelarane er dei same i hauststykket som i sommarstykke. Ta vare på alle dei som spelar roller i ditt hauststykke.









Ikkje alle er ferdige å bløme heller, nokre ventar til siste slutt.

  
Haust hos "Per i hagen" og

Ikkje berre trist med haust



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar