søndag 19. august 2012

Bjødnaliå - Der me likar oss best

Engjavatnet i Bjødnaliå
Bjødnaliå har vore turmål for familien vår i fleire generasjonar. Ein flott fottur som tek til ved parkeringsplassen i Sælandskogen ( langs fv 205 mellom Undheim og Ålgård)


I dag var det skodde og ganske grått i veret då me la ut. Men i dag ville me på tur, og då pakkar me sekken uansett.
Stine og far ser på kartet kvar me skal gå.

Pause med steinkasting i Taksdalsvatnet
Området er eit landskapsvern område, og det er mykje spanande å finna både av vekster, fuglar og dyr.
Skogen oppover Urådalen består mykje av gamle eiketre. Den type skog som dekka heile Jæren før.

Når ein har med ein 3 åring på tur er det viktig å ha god tid. Turen vert delt opp i etappar, først skal me til Taksdalsvatnet å kaste stein.
Så skal me til klatresteinane, så kjem vaffelpause ved det krokete treet................

Og VIPS så er ein tur som vanlegvis tek 3 timar for vaksne blitt til ein 6 timars dagstur med barn.
Men så lenge alla har storkosa seg, fått sett på det ein vil, og er like blide og glade når turen er over som då den tok til, ja så er alt vel og bra.
I natt kjem me til å sova godt....
Dei gode klatresteinane

Vaffelpause

Nesten utruleg, men dette og er Jæren


Mmmmm, bringebær, det var kjempegodt
Moldtjødnå, her hoppa småfisken veldig i dag
Endeleg framme, nå skal me ha den store pausen,
og kanskje dyppa føtene litt?

Ei anna tid og eit anna liv
Ein av dei lokale......
Turen nedover går på grusveg med flott utsikt på toppen

Ser du godt etter ser du "høghuset" på Bryne
Ei "lita" maurtue, her var det liv kan du tru

Snart ved bilen att, og fremdeles ved godt mot.
6 timar og eit kleskift seinare (Minsten "plumpa")

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar