fredag 6. juli 2012

"For dei som ikkje har fargefjernsyn"


Slik sa dei på fjernsynet i min barndom - og me hadde ikkje fargefjernsyn. Så eg fylgde med på utgreiing om korleis det såg ut, både det eine og det andre.
Nå trur eg ikkje at det fins pc`ar utan fargar. Men eg kom til å tenkja på det medan eg måla denne benken.

I utgangspunktet var dette ein svært sliten, svært gammal og usjarmerande picknikbenk. Du har kanskje sett han på bilete eit par gonger før her på bloggen. Sist då eg blogga dei gamle tønnene, då prøvde eg å dekka over han med eit teppe. Men altså, så har det seg slik at eg ein dag på facebook fekk sjå ei barndomsvennine hadde måla sin benk. Ho hadde rektignok valt litt andre fargar. Men det var desidert det kulaste eg hadde sett  -  av picknikbenkar.

Den snille mannen i butikken kikka to gonger..........
Dessutan trur eg at denne benken påverkar humøret på ein god måte. Hykkenmannen lo før han hadde parkert bilen den dagen eg hadde måla.
Slår herved eit slag for fargeklattar i kvardagen.

PS!
Han er knall lilla og grå - benken

"Dei fleste vil ha kvitt for tida" sa han

1 kommentar:

  1. Heisann :) dette var da virkelig en benk å bli glad av. Skikkelig sprek. Jeg er av de som har nesten alle hagemøblene hvite. Med et unntak!- en slik piknik benk du har i miniatyr til barnebarna. Den er knall blå og da mener jeg virkelig knall :) også må jeg si at den var slik da vi kjøpte den på garasjesalg. Også vil jeg takke så masse for superkoselig hilsen på bloggen min. Koselig å høre!! :) God lørdag. Klemmer Merethe

    SvarSlett