lørdag 30. juni 2012

Sommarfest i Hykken

Å laga fest er vel noko av det gildaste ein kan halda på med. Iallefall når ein har ferie, god tid og kan kosa seg med førebuinga.
I år har eg lagt min elsk på lavendel, og det bruka eg saman med roser på bordet. Temaet var nostalgi, eg bruka kvit duk underst, fann bilete på netter som eg la under ein rosa gjennomsiktig løper. Greinene er frå islandspil.
Rundt om på småbord og hyller hadde eg laga buketter av peoner blanda med markblomar.
Heimelaga tapas stod på menyen og saman med god drikke vart det ein velukka fest - nesten som me alerede gleder oss til neste sommer............






" Når du en gang kommer
Neste sommer
Skal jeg atter være her
Og vi skal synge
Gamle sanger om igjen
Når du en gang kommer
Neste sommer
Skal vi atter drikke vin
Og vi skal snakke sammen
Om de samme gamle ting"

Å nyte et glass vin i godstolen mutters putters alene, er ikke på langt nær så smaksmessig tilfredsstillende som å nyte den i lag med gode venner. Dette viser Matforsk i en ny smaksundersøkelse. (forskning.no )

tirsdag 26. juni 2012

"I desse husa bur folket"

Overskrifta denne gongen er eit sitat av Arne Garborg. Lenger nede i inlegget kan du lesa samanhengen sitatet er teke ut frå. Det handlar om det jærske landskapet, som i gamle tider var prega av låge hus og lange steingardar. Steingardar har eg eit sterkt forhold til. I Hykken er det mykje steingard, og eg har ikkje lødd ein einaste ein av dei. Men dei ligg der trygt og fast og minnar om generasjonane før sitt arbeid.
Steingarden vart brukt til å gjerda inne markene, markera grenser, og hindra dyr på beite å stikka av.
Og når me i dag tenkjer på kva arbeid som ligg bak, er det berre å ta av seg hatten - dei var ikkje redde for tungt arbeid. I dag lør ein steingard med gravemaskin, og då helst til pynt.
Eg har og mine steingardar, men ingen er lødd med maskin. Mine steingardar er lødde med handamakt og steinbukk. Kor mykje sveitte ligg det att for kvar meter tru........
Alle bileta er frå Hykken.





"Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bit og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerder som lange røyser. I desse heimane bur folket"
Arne Garborg

Her er terassen vår, byggd inntil steingarden.













Gunnar Stålesen har og ei landskapskildring av Jæren i boka si "Kvinnen i kjøleskapet" Hadde aldri tenkt på at Jæren kunne skildrast litt skummelt, men....
"Å kjøre over Jæren en mørk novemberkveld er som å kjøre langs verdens ende. De opplyste tettstedene lå som oaser i det gråsvarte, lavvokste landskapet, der flattrykte gårdshus lå og klemte seg sammen bak rullesteinsgjerder og forkrøplede hardføre trær som vendte ryggen til havet og krummet seg mot husene, som om de frøs"
Me kjenner oss vel att i dette og.

torsdag 21. juni 2012

Kvelden før

Vår sommaridyll
"Kanskje Anna likevel har rett i at det er aller morsomst om sommeren. Jeg liker nok å gå på skolen, og når frøken sier farvel den siste dagen før sommerferien, gråter jeg nesten, for jeg vet at jeg ikke får se henne på så lenge. Men jeg glemmer det fort, for det er så deilig med sommerferie"


"Etterpå satt Anna og jeg på kjøkkentrappa vår og talte myggstikk. Jeg hadde fjorten på det høyre benet og fem på det venstre. Anna hadde ni på hvert ben. Det blir jo nesten et regnestykke det, sa Anna. Vi skriver det opp på en lapp til frøken ; "Når Lisa har fjorten myggstikk på det ene benet og fem på det andre, og Anna har ni på hvert ben, hvem har da flest myggstikk, og hvor mange har de tilsammen?"
Men så husket vi på at vi hadde sommerferie. Og da er det jo dumt å holde på med regning. Så vi klødde bare på myggstikkene våre og hadde det godt helt til vi måtte inn å legge oss. Å, så fint det er med sommerferie"
(Fra boka "Alle vi barna i bakkebygrenda" av Astrid Lindgren)

Bilete frå "parken" i Hykken
Så sit eg her kvelden før ein ny, blank og ubrukt sommerferie. Kjenner den gode varme følelsen av å vita at.....ein dag til nå, så er det tid for mange, lange og late dagar.
Kan ikkje heilt fri meg frå å tenkja på sommarane då eg var lita, då vara sommaferien ein evighet. Barndommens sommaferiar var og fyllt med bading i ånå, sol og gode lukter.
Og ikkje minst  jonsok, med bål og leikar saman med ungane og dei vaksne på garden.
I nostalgiens slør ser eg at eg nesten hadde ein oppvekst i "Bakkebygrenda" I sommar vil eg jammen lesa den boka for Stine, og så skal eg fortelja litt om kva eg gjorde då eg var lita og det var sommar.
Og i sommar får me kattungar, ikkje verst det heller

Late dagar med mykje kaffidrikking
Ps! Takk til dei to som inspirerte dette innlegget :-)

tirsdag 19. juni 2012

Kjøkkenhagen


Eg klarte venta til malinga på pallekarmane var nesten tørr før eg fekk mannen med på å bera dei ut. Tenkte meg jo at dei kule fargane ville lyse opp. Og slik synes eg det vart til gangs.
Trur eg seier meg nøgd med dette prosjektet så langt.  Nå er det bare å håpe at noko vil spire og vekse i kassane. Eg har svært lita erfaring med dyrking av grønsaker og urter.
Men nå har eg mulighet til å gjera meg nokre erfaringar.
Fekk ikkje tid til å planta i den blå og den røde i kveld - men godt å ha noko å gjera imorgon og ;-)
Har stifta plast på innsida,
så rotnar dei ikkje så fort.




Så har eg fylt på med kompost og jord
Ragnhild og Stine spar jord til kassane

Stine har sin eigen kjøkkenhage.
Ho har sådd reddik, purre, og ruccola

Rabarbraen er flytta til ein eigen kasse (den uten farge)
Gressløk i full blomst, flytta frå sin midlertidige vekseplass,
og over til urtekassen.
I den røde skal det veksa jordbær, i den blå litt grønsaker,
den gule er urtekassen, den lilla er Stine sin kjøkkenhage
og heilt til høgre står rabarbrakassen.

lørdag 16. juni 2012

Kjøkkenhage på veg

Pallekarmar og maling klar
Eg har eigentleg lyst på lange, rette rekkjer med poteter, gulerøter, kål og andre meir spanande grønnsaker.
Men det er viktig å sjå si eiga begrensing - eg likar nemleg dårleg å luke.

Så då vil eg heller prøva på "palle karm" versjonen av kjøkkenhage. Då vert det lettare å nå over, og skulle eg synast at det er kjempegildt, så kan jo kjøkkenhagen utvidast med fleire kassar.
Har fått kjøpt pallekarmane gjennom mannen sin jobb, ein del av dei er brukte og nokså flisete, men det gjer ingenting til dette bruket. Eg vil setja to og to karmar oppå kvarandre for å få dei litt opp frå bakken.
Male litt og  gle seg til  ruccola, redikker og andre friske grønnsaker
 frå eigen produksjon
Våga meg på nokre spreke fargar, som i allefall vil lyse opp i hagen. Nå har karmane fått fyrste strøk med maling, har planar om strøk nummer to i kveld. Gler meg til å få desse fargeklattane ut i hagen.

Spreke fargar

Godt å ha ein heil låve å jobba i på ein regnversdag



lørdag 9. juni 2012

Hjarteleg

Hjarteleg velkommen :-)
Dette hjarta har pynta inngangen min til jul ifjor. Tenkte litt på om eg berre skulle kasta det, det hadde vorte noko rufsete. Men så er eg no litt glad i ting som ikkje er heilt perfekt. Så eg tok meg ein tur til blomsterbutikken og kjøpte nokre fine glittrande sommarfuglar, så fekk hjarta eit nytt sommarliv, og skal ynskje gjester velkommen i fjoset i Hykken denne sommaren og.
Eg likar sommarfuglar, den trenden er eg med på 

Hjarta lagar du enkelt - eg fekk det til, då klarer alle det.
Samla ein Bukett med bjørkekvistar, og bind dei saman i den tjukke enden, med tynn ståltråd/vikletråd som du får kjøpt på blomsterbutikken.

Bøy så halvparten av greinene til kvar side. Vikla dei så tett saman i enden, som då vert spissen nedover på hjarta.
På dette har eg og festa litt lerkekonglar (rester frå julepynten)

 



Hjarteleg velkommen :-)

torsdag 7. juni 2012

Rabarbragrøt

Eller "rabarbragraud" som eg nok helst ville ha kalla det.
I hagen min står det ei tue rabarbra, det er etterkvart ein del år sidan eg planta den. Men rabarbra må jo vera ei av dei enklaste plantene ein kan ha i kjøkkenhagen. Uansett stell så kjem den kvar vår med nye raude stilkar.
Det er mykje godt ein kan laga av desse stilkane, men den gode gammle rabarbragrøten er kanskje den som smakar mest sommar spør du meg.
Ser og at ein no kan få kjøpt rabarbra på butikkane.
Mi oppskrift på rabarbragrøt
6 middles store rabarbra stilkar
0,5 liter vatn
1,5 - 3 dl sukker (litt etter kor søt du vil ha grøten)
1/2 vaniljestang
 Kok dette til rabarbraen er mør, det vil seie, den dett frå kvarandre.


Rist saman 2 ss potetmjøl med litt kaldt vatn i ei krukke. Hell dette over mens du rører. Kok opp.
Ha grøten over i skål, og sett den til avkjøling (På benken)



Mange likar å eta grøten med is eller fløte. Me likar han godt som han er, smakar mest sommar slik.

TIPS: For riktig å minnast barndommens sommar, kan du ta sukker i ein kopp, dyppe rabarbrastilken i sukkeret, og knaske ivei.

tirsdag 5. juni 2012

Eg veit at det snart er sommar når........


Kyr på beite utanfor gjedet vårt
Det er slik at nokre lukter og ting minnar meg om sommar. Ein del ting har eg med meg frå eg var lita, andre ting har kome til med åra.
Trur det er viktig å stoppa opp litt i travle førsommar dagar og hugsa å nyta desse dagane. Ein sommar går så altfor fort. I år vil eg ikkje bruka tid på å venta - ikkje på godt ver, ikkje på å reise, ikkje på noko - eg skal berre nyta dei gode kvardagane. Det er viktig med nokre forsett..........
Ei av luktene eg definitivt forbind med sommar er lukta av kyr på beite, og prustande kusnutar. Ei heilt spesiell sommarlukt. Sikkert mest for oss som er vakse opp på gard med kyr. Men du har sikkert og lukter og ting du forbind med sommar.
Den sterke lukta og synet av blomstande syrin er og
ei påminning om at snart er sommaferien her.


Løytnanshjerter som blomstrar
Det er snart sommaferie når staudene i staudebedet dekkjer
jorda slik at eg slepp å luka ;-)



Alle er gode venner og deler eit godt måltid -
då er det snart sommaferie

Hengekøya ventar på godt ver, og at eg skal leggja med ned
 med ei god bok i hendene
Og frå hengekøya er det kort veg til jordbærplantene