lørdag 12. oktober 2013

Kæ æ dæ mæ hynså (Kva er det med hønene)

I vår byggde me etter beste evner ein hønegarde, med høgt og fint gjerde. Hønehuset vart isolert så hønene skulle ha det godt og varmt, helste gjennom heile vinteren.
Naboen har og høne, og han var så greie at me fekk kjøpa nokre kyllingar av han, dette har eg hatt på bloggen før. Så dei hønene er vane med rampelyset.
 I tilegg bestillte me nokre EKTA jærhøne frå Jærmuseet. Desse kom til oss tidleg i haust.

Det syner seg no at det har utvikla seg to gjengar i hønegarden. Ein såkalla A- gjeng og ein såkalla B-gjeng. Dette er ikkje bra.
A-gjengen som er dei eldste, ser dessutan på garden sin som berre rettleiiande for kor dei skal opphalda seg.
Ein dag kunne me ikkje finna høne nr. 4 i A-gjengen, eg leita rundt i garden, trur eg ropa og lokka og. Så pludseleg oppdaga eg ho høgt oppe i asketreet, der sat ho å kikka og lo.
Delar av A-gjengen på veg til konsert



På fredag då Hykkenmannen kom heim møtte han tre frå A-gjengen midt i gardsromet. Mistenker at om me ikkje hadde fått stoppa dei hadde dei teke rettning for konsert med Tønes på Bryne.
Desse hønene er ikkje som dei skal.
Ikkje legg dei egg eingong, me har leita og søkt for å finna ut om dei verp rundt omkring - men nei ikkje eit einaste egg. Kan me ha gått på ein smell og fått oss pyntehøner?
B-gjengen (jærhøne)

 Hønene i B-gjengen er ikkje meir enn kyllingar enno, me får setja vår lit til dei.

Men og dei syner "bølletakter" I dag prøvde dei å okkupera solbærbusken i hønegarden, sjølv om dei godt veit at den "eig" A-gjengen.
Det enda med eit spetakkel utan like.
Og hanen vart ståande å gala som besatt til siloveggen.

Den hanen har og andre dålege eigenskapar - han kan ikkje klokka.
Begynner å gala i 3 tida om natta - og sjølv om eg går ut og fortel i klare ordelag at eg er vaken, så gir han seg ikkje. Kan jo vera at naboen søv ennå.

Jaudå, hyns æ goe dyr dæ.
Æg ska tilje di mæ enn gong di bjunne å verpa.

2 kommentarer:

  1. Hehe, ja hyns æ hyns. Ikkje lette å ble kloge på.
    Lukka te. Håbe de begjynne å legga egg snart.
    Ha ei goe helj :)

    SvarSlett
  2. Kjennar verkjeleg heimlengt åt Jæren medan eg les på bloggen din. Er ein jærbu som studerar i Kristiansand for augneblinken, hev heimstad ikkje so langt frå dykk, faktisk. Dettane er ein av dei mest serkulturelle og tradisjonsankra bloggane eg hev komi yver nokon gong. Hjarteleg takk!

    SvarSlett