Eg hadde ein pose med tyttebær (tydebær) som far hadde henta i frysaren. Så fekk eg så lyst å prøva å laga rein tyttebærsaft.
Syntes sjølv ho vart god. Kokte i dampkokaren som eg pleier, og bruka 500 g sukker pr liter saft. Det er nok ein del meir enn eg vanlegvis brukar.
Men eg var redd safta skulle verta altfor frisk, tyttebær er jo i utgangspunktet litt sure.
Fargen på safta vart nydeleg. Trur dette må vera safta som skal nytast saman med "smalaføtene" i desember.
Ser at butikkane er klare med det dei vil selge til jul. Det bugnar av nissar og englar alereie.
Eg tek det litt rolegare her i Hykken. Safta er klar, smalaføtene ligg i frysen, har plukka inn mose, konglar og kvistar om ikkje lenge byrjar eg så smått å laga julepynt.
Men fyrst vil eg nyta haustdagane.
Ingenting er betre enn dei kalde klare haustmorgonane, me har akkurat no. Det er fint at årstider og gjeremål skiftar.
Bestandig elska høsten (Kari Bremnes)
Tyttebærsaft høres spennende ut.
SvarSlettDet har jeg ikke smakt noen gang.
Kanskje jeg må prøve det neste høst.
Liker og de klare høstdagene. Liker ikke snø.
Så derfor må en nyte tida nå.
Ikke lenge før snøen kommer her.
Ønsker deg en god kveld :)