lørdag 21. september 2013

Tapas selskap for 5 åringen

Husets prinsesse har feira 5 årsdag. Den store dagen var på måndag. Me hadde familieselskap på søndagen før. Fredag var det klart for den store barnehagefesten med alle i rød gruppe på plass, var nok denne festen prinsessa gleda seg mest til.

Pynt og fargar eg ikkje noko å lura på når det er snakk om jenter på 5 år, det må vera rosa.
Bordet dekka for barnehageselskap.
Menyen var barnetapas - det vart suksess. Litt variasjon frå den vanlege selskapsmaten i barneselskap. Vel verd bitte litt meir arbeid enn å åpne pølsepakken og tømme i gryta.
Tapas til barneselskap:
Pølser på tannpirkere
Kjøttboller på tannpirkere
Lefseruller med salami, ruccola og melkefritt smør
Steikte poteter
Makaroni
Foccasia
Små tomater og agurk


Pølsene var tredd på pinnane slik, då ville dei stå fint. Så vart dei steikt i ovenen saman med kjøttbollane.
Potetene var steikt før, og fekk alminiumsfole over seg, då heldt dei seg varme nok for barnemunner.

Lefserullane vart rosa og fine med dansk salami. Salamien er enklare for barn å eta enn spekeskinka me pleier bruka til vaksne.


Prinsessa var nøgd med feiringa.
HURRA FOR STINE 5 ÅR

2 kommentarer:

  1. Gratulerer til den 5 år gamle prinsessa.
    Det var mye god mat. Enkel både å lage til
    og å spise. Så flott kake.
    Kan forstå at det var ei fornøyd jente som
    feiret dagen.
    Ha ei herlig hegl :)

    SvarSlett
  2. Gratulerer så mykje med femåringen! Det er rosa som gjeld i den alderen, ja. Eg hadde selskap til tre søner før eg fekk lage prinsessebursdagar. Eg håper det er greitt eg legg bloggen din i blogglista mi, så kan eg stikke innom deg seinare og!

    SvarSlett