Eg la bladet til sides, vurderte å arkivera det i den blå dunken for papir.
Men så pakka eg det opp, og tok det med inn til godstolen saman med ein kaffikopp.
Kom nokså fort til side 54, ikkje mykje anna enn informasjon til meg om korleis eg måtte gjera, og kva eg måtte kjøpa denne hausten for å "henge med"
Etter å ha skumma gjennom dei fyrste tipsa kom eg til det som pludseleg fekk meg til å stoppa litt. "Dei små glimta av kvardagslykke bør du ta vare på, morgonkaffi, kjensla av nyvaska sengetøy" Eg hadde heilt gløymt av kor godt det er få sitja litt i fred og ro å drikka morgonkaffi fordi eg kom meg opp før dei andre. Eller kor godt det kan vera å krypa ned i reint sengetøy. For eigen del kan eg tilføra ein del fleire kvardags augneblink som gjev kvardagslykke.
Finna ein sommarfugl på eit blad.
Oppdaga at sjølv om hausten er godt igang så blømer rosene.
Anne Grete Preus "God nok"
Nei, det vert nok ikkje noko glansa vekeblad i postkassa mi regelmessig. For mange sider i bladet fortalde meg korleis eg burde vera. Men side 54, den skal eg riva ut og ta vare på.
Små glimt av hverdagslykke er viktige=) Og noen ganger må man minnes på det. Koselig å lese bloggen din=) Vibeke
SvarSlettViktig å ta vare på de små glimtene av hverdagslykke ja.
SvarSlettEr mange ting å være glad over når en tar seg tidd til
å tenke seg om.
Ønsker deg en herlig dag med mange glimt av lykke :)