fredag 6. september 2013

Fleire bærtre


Det er ikkje mange år sidan eg tenkte at det der med safting og sånn var ingenting for meg.
Men etter som åra går så endrar ein seg litt, og pludseleg har eg kome på at det er kjempegildt og laga saft sjølv. Endåtil har eg byrja å lika å stå i buskane og plukka bæra. Er ein fleire saman er det jo skikkeleg sosialt og triveleg.

Me er ein del i familien som synes om dette med bær. I år vart det rett og slett for lite bær.
Berre ein ting å gjera med det - planta fleire bærtre.
Som tenkt så gjort.

No har me utvida bærhagen med raude og kvite rips, solbær og stikkelsbær.
Her skal det verta rom for sosialt samvær i bærbuskane i åra framover, gleder meg.

Olav plantar - eg hentar bær
 Ein liten "blånisse" hjalp og til med plantinga.


1 kommentar:

  1. Ja det er kjempekjekt å kunne plukke bær i hagen å lage saft eller syltetøy av det.
    Skulle hatt noen flere solbærbusker til her.
    Får se hva det blir etter hvert.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett