Det er mars og eg har byrja å lytta etter fuglesongen. Vipå burde vel vore her og svinsa rundt oss, men eg har ikkje sett ho ennå. Dei siste åra har ho kome tilbake i februar. Men vinteren vart nok for kald i år.
Ikkje lenge til småfuglane vekker oss med songen sin heller, iallefall ikkje oss som ikkje søv så tungt.
Men enno får me vel venta litt - tolmodig.
Heile vinteren har me klart oss med "englesong" frå korslag, idol, the voice, grand prix og så vidare.
Det er fint med alle dei som syng fint, og får det til.
Det er kanskje verre med oss som brummar iveg som best me kan. Ikkje er me noko å senda på fjernsyn, og slett ingenting å syna fram.
Me vil alltid havna ytterst i koret, heilt ute til høgre, bakom høgtalaren.
Me er nok mange som har stått ein del bak den høgtalaren.
Me kjenner kjensla.
Men enkelte gonger bryt songar tvers gjennom det vakre og sarte.
Fordi songaren har ei historie å fortelja.
Syng alle fuglar fint? Er nokon berre nyttige? |
Heldigvis vert ingen fuglar ståande bakom nokon høgtalar. Dei syng alle med det nebbet dei har.
Det hadde vore stille over Jæren om berre nattergalen skulle få syngja.
Fuglesongen er for alle, akurat som graset, det er grønt for alle.
Når snøklokkene blomstrer da er det vår. Hen her blomstrer de ikke før om lenge. Eller jeg har ikke snøklokker, dessverre. Prøvde å ta med meg noen løker fra Vestly en gang, men de kom bare en vår og så ville de ikke mer. Har og kjøpt løk her og plantet, uten at de kom igjen. Er nok litt for kaldt her. Vibå er det det sjelden vi ser på disse kanter. Har opplevd å se den et stykke herfra i april en gang. Men det er jammen ikke mange gangene.
SvarSlettØnsker deg en herlig vår :)