Men det var arbeidsdag og berre å koma seg opp og ut.
Idet eg svinga ut frå gardsromet i bilen min, fall augene på klosterkokkene ved steingarden i hagen.
Eg visste ikkje eingong at dei var komne opp.
Har visst hatt det i overkant travelt dei siste par vekene.
Men der og då snudde dei tankane mine frå litt negativt til bare positivt.
Tenk i ettermiddag er det helg, eg kan reisa heim frå arbeid til ein hage der våren er på veg.
Og i dag skulle Stine ha med seg bestevennen heim frå barnehagen, dei gledde seg stort.
Jau, dette kom til å verta ein fin fredag.
Borte i eine hagen ligg restar av den store fonna me fekk før jul. Akkurat stor nok til at to små jenter fekk litt fart på akebrettet
Sanden i sandkassa var hard og frosen, men med litt jobb så gjekk det ann å få grava litt.
Verdens alle beste venner.
Varmer sine kalde hender.
På ein kopp med søt kakao.
Kritta hadde og overlevd den kalde vinteren, og kunne finnast fram.
Gildt å ha ein heil platting å teikna på.
Kjempefine kunstverk - som blir borte med neste regnskur.
For oss vaksne var det godt å ha ein god kaffikopp og fyr i bålpanna å varma oss på. Ikkje heilt vårvarme enno - men nesten. |
Håpar de alle saman får ei fantastisk vårhelg.
Så fine vårgleder,ei fantastisk tid vi går i møte!:)Kos deg med vårtegnene,ønsker deg og dine ei fin-fin helg!:):)
SvarSlettHerlige vårleker og ikke minst, vårblomster.
SvarSlettKlosterklokkene er flotte.
Ønsker deg ei herlig våruke :)