Fire gode venner.
Pinnekjøtt og riskrem.
Juletre og nisser.
Røde lys og pakkelek.
Rør alt saman, og stapp det inn i eit fjos.
Strø på eit godt lag med humor og smil
Me er fire blide damer som ein gong i tida studerte saman. På den tida fekk me altfor lita tid til å vera sosiale. Då måtte me skriva oppgåver og følge med på forelesninger. Men ein ting vart me einige om at når me berre hadde fått dennne eksamenen, - så skulle me bestemma tema for alle kollokviegruppemøter.
Og slik vart det. Nå treffes me for å drøsa, le, reisa på tur (studietur!!, me studere litt av kvart) og ikkje minst eta god mat.
Dei siste to åra har me samlast i fjoset i desember (då er det vel for ein tradisjon å rekna) Fantastisk godt å senka skuldrene, finna den gode julestemninga, og ikkje minst le mykje.
Ingunn hadde kjøpt fire fine pakker - og inni var det kvar si fantastiske lue - og det passa utruleg godt sidan det var -15 ute den kvelden.
Og då vart det sjølvsagt
"Fruer med luer"
Blide fruer, med fine luer Bergljot - Reidun Gunn - Ingunn Julestemning - It`s beginning to look a lot like christmas Fin førjulstemning :-) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar