Steinar på strand - er kampen mot å bli sand tapt? Eller er ønske om å vera som sanden avvist. |
Når må ein innsjå at ein kamp er tapt?
Mange av oss menneske er laga slik at me
synes det er rett å slåss for det me trur på. Nokre trur på miljøvern, andre
trur på fri konkuranse, nokre på vindmøller, og atter andre trur at menneske
kan vera gode mot kvarandre.
I det siste har eg vorte litt usikker,
både på kva eg trur på, og kva tid ein må innsjå at kampen er tapt.
Eg saknar av og til ungdommen – då trudde
eg alt var mogleg, og at eg kunne vera ein del av det å gjera noko med alt som
var galt. Kan hugsa det var ei herleg kjensle.
Nå når eg nærmar meg midt i livet, for
ikkje å seia at eg er der. Då har liksom flammen slokna litt. Og verst av alt
eg kjenner at den slokknar meir og meir.
Då eg var russ hadde ei av klassevennene mine dette på russekortet:
”The more I see of men, the more i love my
dog” (ho gifta seg til slutt ho og)
I det siste har eg tenkt litt:
”The more I see of human, the more I love
my garden” (eg er gift eg og)
Var det negativt, seier du.
Ja det er negativt – kanskje litt sjølv destruktivt
endåtil – sidan eg er human.
Det vert kjempa så mange kampar for tida –
i SAS – mot utnytting av fattige – for matfag på vidaregåande – mot mobbing i skulen.
Kva tid er kampen tapt – kva tid skal ein
leggja røyk og trekke seg ut ?
Eg lurer.
Er det ikkje slik at den sterkaste sin
rett framleis rår.
Makta rår, - eller er det pengane som dei seier.
Det er ubehageleg å sloss mot dei som er
sterkare enn deg, det gjer vondt.
Skal ein utsette seg for det, kan ein la
vera utan å vera feig?
Har eg av hensyn til mine medmenneske rett
til å gi opp?
Er det alltid feigt å vera feig?
Mogleg at eg er kome til den fasen der eg
bør søkja om å få overvintra på ei fangsthytte på Svalbar.
Har nokon spist? Har nokon blitt spist? |
Ser føre meg at filosofien der er enkel –
spis eller bli spist.
Ein problemstilling det og.
Er det best å bli spist, og slik bli til nytte.
Eller er det best å spise - for da vant ein jo den kampen.
Dersom du nå trekkjer på smilebandet og lurer på om ho der er kome i ei "midtlivskrise" - så le høgt, du har kanskje rett.
Kjenner meg igjen.. Litt desillusjonert kanskje med årene. Litt lei av å kjempe for det ein tror er rett og rettferdig. Kanskje vi som har levd en stund kan se tilbake og se hvilke kamper vi har vunnet. Jeg husker godt motstand og slengbemerkninger over å ville jobbe ute med baby hjemme. Permisjonen var 18 uker. Vi kjjempet fram stadig lengre permisjoner og barnehageplasser . Å være alenemor var skammelig selv om barnefaren sviktet. Husker at medarbeidere tente den ene sigaretten etter den andre og røkla rommet selv om jeg var gravid og kvalm fra før av..jo tror det er vår tur å gå i hagen. Så får de unge som har krefter, sloss for det de tror på.
SvarSlett