Steingarden vart brukt til å gjerda inne markene, markera grenser, og hindra dyr på beite å stikka av.
Og når me i dag tenkjer på kva arbeid som ligg bak, er det berre å ta av seg hatten - dei var ikkje redde for tungt arbeid. I dag lør ein steingard med gravemaskin, og då helst til pynt.
Eg har og mine steingardar, men ingen er lødd med maskin. Mine steingardar er lødde med handamakt og steinbukk. Kor mykje sveitte ligg det att for kvar meter tru........
Alle bileta er frå Hykken.
"Her og der oppetter bakkar og res kryp låge hus ihop i småkrullar som søkjande livd. I den tette lufta hildrar dei seg halvt bort, sveiper seg i torvrøyk og havdis som i ein draum; stengde og stille ligg dei burtetter viddene som tusseheimar. Rundt husa skimtar det fram bleike grøne flekkar av åker og eng som øyar i lyngvidda; kvar bit og kvar lapp er avstengd og innlødd med steingjerder som lange røyser. I desse heimane bur folket"
Arne Garborg
Her er terassen vår, byggd inntil steingarden.
Gunnar Stålesen har og ei landskapskildring av Jæren i boka si "Kvinnen i kjøleskapet" Hadde aldri tenkt på at Jæren kunne skildrast litt skummelt, men....
"Å kjøre over Jæren en mørk novemberkveld er som å kjøre langs verdens ende. De opplyste tettstedene lå som oaser i det gråsvarte, lavvokste landskapet, der flattrykte gårdshus lå og klemte seg sammen bak rullesteinsgjerder og forkrøplede hardføre trær som vendte ryggen til havet og krummet seg mot husene, som om de frøs"
Me kjenner oss vel att i dette og.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar