søndag 12. oktober 2014

Det vart haust

Så kom hausten. Etter ein uvanleg lang og varm sommar.
No vaknar me til haustkalde skodde dagar.
Bloggen har kanskje ikkje vore så aktiv i sommar, men ting har hendt i Hykken likevel.
Fem kattungar kom - fire av dei har no flytta til nye heimar i Stavanger, Sandnes og i Egersund.
Berre den raude Petter Pus er blitt verande, og den blir i Hykken.
Årets sommarferie gjekk til Sverige i slutten av juni. Trur Sverige er undervurdert som ferieland - me hadde flotte dagar i Astrid Lindgrens verden, på Øland og i Kalmar
Eit anna høgdepunkt var elgsafari i Virrum elgpark.
Her traff me mellom anna elgen Harald.
Elgane åt av hendene våre - og Stine fekk seg ein liten elgsuss.
Men no er hasten her med dei vanlege haustaktivitetane. Det første rådyret er tatt.
Og me har hengt eit lår til speking.

Etter så dei gamle sa skulle vatnet vera så salt at ei potet med ein femtoms spiker i flaut.
No har låret kome så langt at det heng til tørking på "høgaloftet"
Me gler oss til å smaka til jul.
Og endeleg er me godt igang med fjosprosjektet att.
No skal bibliotek og lager vera klart til jul.
Haustferien har me bruka til isolering, panelspikring og maling.
Men enno litt att å gjera. Mykje gildt arbeid framfor.
Men snart……….

Men haustdagane må og nytast ute.
Eg likar hausten med dei kjølege dagane, og flotte naturopplevingane.
God haust, godt folk.

2 kommentarer:

  1. Nydelige både Petter pus og mammaen ,
    Flott sommer ja, egentlig godt med litt frisk høstluft, og noen kose seg innedager også.
    I går var me på krabbekalas hos venner me fiska hummer sammen med, (ingen hummer).
    Eg liker meg godt i Sverige, liker godt å stikke innom noen gjenbruksbutikker, der også, spesielt Eriks hjelpen dei har gjerne noen haller litt utenfor sentrum . Finner ut adressen og åpningstid på nettet, og så er det bare å stille inn gpsen. Å så må resten av familien overtales da, det er i grunnen det vanskeligste.

    Det blir flott med bibliotek og lager i fjøset.
    Må visst lage meg noen hyller i fjøset her også, samler på for mye.
    Ønsker dere ein fin høst videre.
    Klem,

    SvarSlett
  2. Er alltid fint å få i stand nye rom og ta de i bruk til det en har tenkt.
    Godt med egen plass til bøker og ikke minst, lager.
    Er ikke så glad over at sommeren og vasrmen er over, men det er mange flotte
    dager både om høsten og vinteren, så en får glede seg over det.
    Ønsker deg mange flotte høstdager :)

    SvarSlett