I dag legg me ofte klær i vaskemaskinen på autopilot, og når maskinene er ferdig er det ut med dei og inn i neste maskin - tørketrommelen.
På gardane før i tida måtte dei løysa klestørken på ein litt anana måte. Då hadde dei fleste ståltråd mellom nokre tre, og der hang kleda og tørka i vinden.
Då farfar reiv det gamle fjoset etter å ha byggd nytt i 1959-1960 reiv han den gamle løa.
Då vart ein fin platting ståande att, ein fin stad å byggja tørkestativ.
Han støypte fast nokre galvaniserte vannrøyr og fekk laga eit etter den tidas mål uvanleg flott og stort tørkestativ.
Då eg var liten og var på besøk i Hykken hos farmor og farfar hugsar eg godt at farmor stod her og hengde opp klær. Ho hadde eit eige forkle til klesklypene.
No godt og vel 50 år seinare synes eg enno eg har eit uvanleg godt tørkestativ.
Dessutan gjev det meg ei kjensle av å ta bittelitt vare på miljøet kvar gong eg tørkar klær ute.
Tørkestativet har og alltid fungert godt til å knyta eine enden av hoppetauet i - eit godt tørkestativ har mange bruksområder.