onsdag 28. mai 2014

Har du klær på snora

Å vaska og å tørka klær er ein av livets trivialiteter. Frå å vera ein ting ein gjorde berre ein sjeldan gong, er det i dag noko me føretek oss nesten dagleg.
I dag legg me ofte klær i vaskemaskinen på autopilot, og når maskinene er ferdig er det ut  med dei og inn i neste maskin - tørketrommelen.

På gardane før i tida måtte dei løysa klestørken på ein litt anana måte. Då hadde dei fleste ståltråd mellom nokre tre, og der hang kleda og  tørka i vinden.

Då farfar reiv det gamle fjoset etter å ha byggd nytt i 1959-1960 reiv han den gamle løa.
Då vart ein fin platting ståande att, ein fin stad å byggja tørkestativ.
Han støypte fast nokre galvaniserte vannrøyr og fekk laga eit etter den tidas mål uvanleg flott og stort tørkestativ.

Då eg var liten og var på besøk i Hykken hos farmor og farfar hugsar eg godt at farmor stod her og hengde opp klær. Ho hadde eit eige forkle til klesklypene.
No godt og vel 50 år seinare synes eg enno eg har eit uvanleg godt tørkestativ.
Dessutan gjev det meg ei kjensle av å ta bittelitt vare på miljøet kvar gong eg tørkar klær ute.

















Tørkestativet har og alltid fungert godt til å knyta eine enden av hoppetauet i - eit godt tørkestativ har mange bruksområder.


 Og i kveld skal eg legge meg i nylufta dyne med sommer lukt i dynetrekket. Trivielle kvardagsgleder.


2 kommentarer:

  1. Vi hadde også tørkestativ av galvaniserte rør på Vestly, men uten den støype"foten"
    Vårt var støyp ned i bakken. Hadde jo heller ikke så flott murgolv under det. Men grasbakke.
    Er nok ekstra koselig å henge opp klær på det stativet som farfar din har laget,
    og farmor di har brukt i mange år.
    Ha ei herlig sommerhelg :)

    SvarSlett
  2. Fin tørkeplass,nyttig det, tror vaskemaskinen er i bruk nesten daglig.
    Her har eg tørkesnor fra soverommet til den gamle jordkjelleren, kan dra ut og inn, om vinteren kjefter eg litt viss gutta legger for stor snøhaug under, skal jo lufte dyner og tepper.

    Løkplanten er Spaniablåstjerne, Hyasinthoides hispanica, før kallt blant annet for Scilla hispanica.
    Måtte lete godt i gamle bøker og google. Er enig med botanikerne det må være ein hyasint.

    SvarSlett