fredag 11. oktober 2013

Rullepølse av lam

I dag har eg sydd rullepølse (rollepølsa) Det kan lagast av mange typar kjøtt,  og det vert oftast brukt som pålegg no for tida. Då vert pølsa kokt oglagt i press.
Heime hadde me det som middag saman med ertersuppe.

Eg synes det er viktig å ta vare på gamle mattradisjonar, derfor hadde eg med meg mor for å rettleia meg i syinga og kryddring. Eg har ikkje gjort det før, men det var ikkje vanskeleg - berre prøv :-)
Me laga pølsene av lammasvangar. Desse skjær me til slik at dei vert firkanta. Avskjæret kuttast i småterningar som vert lagt som innmat i pølsa.
Som krydder bruka eg fersk ingefær, timian, pepar og salt.
Så syr ein det til ei pølse med sterk bommulstråd ( slik som me surrar steik med)
Syinga er noko kronglete og ein må sy litt, og så stappe på plass innhaldet.
Men så vert dei nokolunde jamne når ein berre får strama dei til.
No skal dei liggja i salt i kjøleskapet eit døgn - så skal dei i frysen.
Men ei av dei må me nok smaka på til middag imorgon - Sånn koga me :-)

3 kommentarer:

  1. Mor laga og lammerull.
    Jeg har aldri laget det.
    Godt å ha noe godt og hjemmelaget til jul.
    Ha ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Så godt å lesa. Gjer meg minne om ei vakker tid i min barndom. Det var nok høgdeounktet i førjulstria då rullepølsa skulle lagast. Lukt av krydder, og ikkje minst timian vart til blanda av lått og far sine hender som sydde desse underverka. Det var ikkje få rullepølsersom vart laga. Nokre var til pålegg, og så med ertersuppe. Eit par vart lagt til sides, dei skulle far ha med som proviant til sildefisket. Gode trygge minner.

    SvarSlett
  3. Blir i overkant mye fett. Jeg bruker lammelår inni, og legger pølsene 3 uker i saltlake. Vanner ut i 12 timer. Da får de en skikkelig spekesmak.

    SvarSlett