søndag 29. september 2013

Aroniasaft, rognebærgele og eplekaker

Stine fann nokre blåbær og litt lyng 
 Eg hadde planar om ei god hausthelg heima. Og slik vart det og, ei god effektiv og triveleg heimehelg.
Fekk plukka ned dei siste Svartsurbæra (aronia), ei bøtte rognebær, og er igang med å fylle på med eplekaker i frysen.
Me var ute ein tur for å sjå etter rådyr og, fekk sett eit dyr, men det spring framleis rundt i myrane på Lende.
Ei bøtte bær vart til ca 5 liter saft denne gongen.
Bæra var godt modne og saftige.

Godt å vera to i plukkinga.Buskane er høge no
og ein treng å bøya dei ned om ein skal få med alt





Svartsurbær saft (Aronia saft)

Fyll dampkokaren med bær og kok ut safta, det tek ca 4 timar.
Hell safta over i ei stor gryte og ha i ca 600 g sukker pr liter saft.
Kok opp.
Tøm det på reine flasker eller kartongar.
Frys det meste, men ha litt att i kjøleskapet.
Godt med fersk saft.

Denne safta vert og veldig god om du legg litt mynteblad (ein god neve) på toppen når du dampar.




Eg tok visst ikkje noko bilete av rognebærplukkinga. Men her er geleen på glas. Rognebæra var godt modne og då er det vanskelegare å få geleen stiv, så i år juksa eg med litt gelantin.
Eg damkokar rognebæra og, men dei må berre få dampa ein time, ellers vert safta for tynn.
Etterpå brukar eg 900 g sukker pr liter saft, og ei teskjei sitronsyre.
Eg kokar safta ca 20 minutt etterpå med sukker. Vanlegvis blir det då gele, men i år måtte eg bruka 4 plater gelantin for å få det som eg ville.
For å sjekke om geleen er stiv nok legg eg ei teskjei på ein tallerk og let det kjølne. Kan eg då dra fingeren gjennom utan att det renn saman att, då er eg fornøgd.
Kaka kan sjølvsagt lagast med vanleg smør og mjøl

Eplekake uten melk og gluten

200 g smør (blå soft soya)
200 g sukker
Mikses kvitt
2 egg vispes inn
200 g mjøl (semper eller Schar)
1 ts bakepulver
1/2 ts kanel
Visp det saman til ein jamn deig.

Skrell og del opp epler i båtar, ha dei i ein pose saman med perlesukker og kanel - rist så sukker og kanel fordeler seg på eplebitane.
Ha  deigen i rund for og dryss godt med eple over. Steik kaka på 190 g i ca 45 min

Laurdag ettermiddag tok me oss ein luftetur for å sjå etter rådyr på Lende. Buster var flink å jaga fram eit for oss, men desverre var me ikkje klar med våpen og kamera, så det spring enno lukkeleg rundt på myrane.
Men Stine fann både blåbær og lyng i tilegg til eit fint klatretre, så det var ein fin tur likevel

1 kommentar:

  1. Her var det mange fine bilder og ideer til haustlege ting
    Har etpar epletre som ga oss en 15-20 epler år.
    Det ene slaget er nok best til eplekake. Så det har jeg tenkt å lage
    i dag. Hadde tenkt å lage rognebærgele i år. Men da er det nok alt litt for sent
    Etter det du skriver, men de er sikkert litt senere modne her.
    Skulle gjerne hatt slike svartsurbær, ser de står og faller av buskene
    mange steder så det er vel bare å spørr om å få plukket de.,
    Godt med alt en kan få i hus før vinteren. Du har virkelig stått
    på å vært effektiv.
    Ha ei riktig god ny uke :)

    SvarSlett