mandag 1. juli 2013

Pergola - snart ferdig...



Denne sommaren har kome litt raskt liksom. Hadde ein travel vår og førsommar. Kjem liksom ikkje unna travelheita når eit skuleår skal avsluttast. Men no er det ferie - me har alereie vore på ein liten ferietur til Stord. Leverte minsteguten på sommarleir for TaeKwonDo. Me andre tre hadde fine og late dagar i Hordaland.

Ellers så er sommarens prosjekt (eit av dei) å få ferdig pergolaen me byrja på i vår.
No nærmar det seg.
Det byrja med eit hol i steingarden og i blomsterbedet mitt ( har nok av bed framleis å luka - så ingen fare)

Så vart holet fylt med grus og røyrbitar sett nedi. I røyrbitane støypte me fast stolpesko.














Så var det sjølve byggverket- her må eg vera ærleg å seia at mi oppgåve er mest å halda, vadra og koma med meir eller mindre brukande forslag.
















Den dagen trearbeidet vart ferdig var ein av dei dagana denne sommaren det har vore sol !!!!!










For å gjera det litt meir "reinsleg" og lettare å trilla inn har me støypt i inngangen.

Eit heilt lite kapittel for seg - for kvar gong me drog fram "reiå" så mørkna himmelen faretruande. Første forsøk vart kontant stoppa av styrtregn og stiv kuling.
Men i helga lukkast det.
No står det att litt maling - og planting av klatreplanter. Så då får me venta på ein liten godvers periode.
Tek med eit bilete av eit av småprosjekta og - har måla tørkesnora og hengt opp nye snorer. Miljøvennleg og smart og tørka klær ute. For ikkje å nemna kor godt det er å legge seg i sengetøy som er tørka ute i frisk luft. Ja, om ikkje nokon kjem på dei skal "kjøra lort" rundt om oss då - då er det ikkje  løye lenger.

1 kommentar:

  1. Ja dette blir flott. Kjempekoselig med
    slyngplanter oppover den.
    Ønsker deg en herlig sommer :)

    SvarSlett