mandag 6. oktober 2014

Hedlestøl - Erfjord


Hedlestøl eller Rørtveitstølen ligg i Erfjord. Hykkenmannen mange gode minner frå denne stølen frå han var liten. Her var han med på gilde jaktturar med sin familie. Stølen er no eigd av slekta etter hans bestemor.
Han har så lenge eg har kjent han hatt lyst å få meg med opp dit.
Fyrste helga i hausteferien pakka me sekkane og la på tur.
Olav, Stine og eg.
Stølen ligg 800 moh. Me set frå oss bilen på Rørtveit garden på ca 400 moh. I luftlinje går me 900 meter - så stigninga kan kjennast godt i føtene.

Me gjekk i kveldinga på fredagen og det vart mørkt før me kom opp.
Stine var modig, men litt skummelt er det å "krypa" oppover lia med hovudlykt og gps.

Men når ein vaknar til slik utsikt så er slitet absolutt verd det.
God frokost må til.
Autentisk og koselig atmosfære inne på stølen.

Toalettet hadde fått noko hard medfart av vind og snø.
Men sjeldan har me hatt betre utsikt på slik ein stad.
Laurdag gjekk me ein fin tur rundt Reinsnuten. Og me prøvde fiskelukka, men den eine auren som beit på klarte å hoppa av idet Stine skulle dra han på land.
Søndag morgon vakna me til skodde og regn. Turen nedover vart litt fuktig.
Men då me nådde bilen skein sola att.
Me takkar for lånet av stølen, me kjem gjerne att.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar