lørdag 12. juli 2014

Costa del Hykken

Eg la merke til at som vanleg var det ein del diskusjon i avisene i vår kring  omgrepet "bikini-kropp"
Vel, eg fann denne dørmatta på ein handletur. Alle som går ut av døra i Hykken og inn i sommardagen får det med seg "svart på kvitt"
Og står det der, så er det jo sant.

Vel, over til noko heilt anna. Tenkte eg ville dela litt bilete av sommarens prosjekt så langt heime hos oss.
Desse relative store blomsterpottene sette me opp i vår. Eg var nok litt raus med lobeliaplantene dei tok liksom litt "heile showet" og stillte både margeritter og hortensia litt i skuggen.
Om blomsterpottene ovanfor er store så er det nye steinbedet mitt tilsvarande lite. Ei avlang krukke eg aldri har fått noko til å veksa i er fyllt med sand, grus og stein.
Den stilige dama på scoter fann eg på eit hagesenter.

Sommaren er ei fin og frodig tid i Hykken. Det er lite vintergrønt i hagen, difor vert kontrastane mellom sommar og vinter stor.
"Meire fart, meire fart - ellers så får du melkebart"
Nyt sommardagane der du er - heldigvis er sommarveret rettferdig fordelt for tida. Sol og varmt frå sør til nord. Akkurat som me har fortent :-)

1 kommentar:

  1. Ja det er ikke ofte det er så fint vær over hele landet
    Det er herlig, bare å nyte det så lenge det varer.
    Er vel meldt litt regn her i løpet av etpar dager, men vi kan jo
    håpe det glir over. Skal ha besøk fra Jæren de dagene og
    da hadde det ikke gjort noe om sola skinner så de fikk oppleve
    flott østlandsvær. Koselig med besøk uansett.
    Koselig med hengekøye og disse i hagen
    Og den dørmatta skulle vi vel alle hatt et eksemplar av.
    Stilig.
    Kos dere videre i sommeren :)

    SvarSlett