I kveld har eg lufta meg godt, har vore ute og samla saman litt forskjellig frå hage (og omegn)
For imorgon skal eg ha ettermiddags-juleverkstad med dei gilde kollegane på trinnet mitt.
Me skal laga dørkransar og kanskje litt til?
Noko av det kjekkaste med ventetida er å fylle ho med gilde gjeremål og trivelege samankomstar.
Fyrst skal me sjølvsagt eta godt. For som kjent "utan mat og drikke……"
Kjempegildt å pynta bord.
Men etterpå skal bjørkekvistar verta (forhåpentlegvis) fine dørkransar.
Gler meg til ein koseleg ettermiddag.
Viktig å rydda tid til å kosa seg desse korte førjulsdagane, stress og kav vert det alltid nok av.
Det kommer til å bli en koselig kveld.
SvarSlettMed mange flotte kranser som resultat.
Kos dere masse :)