1. desember og tid for å ta turen på høgaloftet å finna fram kassane med julepynt. Opp gjennom åra har det samla seg opp ein del. Noko har vore innom og forsvunne, andre har vorte ekstra godt passa på fordi eg gjerne ville dei skulle vara.
Denne nissen møtte eg fyrste gong på Aker brygge. Eg var på Oslotur, og det var nok ein av dei fyrste turane mine til sjølvaste storbyen.
Eg rusla rundt og der stod han, ein vassekte fjosnisse inneklemt mellom anna pynt i den store byen. Stakkar deg tenkte eg, det er nok best eg tek deg med til meir bonske omgjevnader.
No har han feira jul med meg i meir enn 25 år. Me trives saman eg og fjosnissen.
Kvar år har han fått ein plass høgt og fint, med god utsikt og utanfor rekkevidde for barnehender.
Eit lurt og vennleg smil.
God førjulstid.
Ja det er noen ganger en kommer over
SvarSlettden tingen en bare må ha med seg hjem.
En koselig nisse.
Ha en god adventstid :)