mandag 16. desember 2013

Gjort og ugjort

Førjulstida har vore fin i Hykken. Me har klart å ikkje kava for mykje, men teke oss tid til å kosa oss.
Me har stort sett klart å vera tilstades ein plass
om gongen.
For meg er det det viktigaste, eg vel å ikkje ha det travelt. For det er stor skilnad på det å ha det travelt/stresse og det å ha mange ting å gjera.

Me må erkjenna at det er ikkje alt me får gjort.
Eg har ikkje vaska huset til jul - men eg har laga heimelaga pølser.
Noko har eg gjort - mykje er (og forblir) ugjort
Eg har ikkje baka 7 sorter småkaker - men eg har laga mykje fin pynt saman med venner og kollegaer.

Eg har ikkje arrangert store vennefester med flotte middagar - men eg har drukke kaffi med ei veninne eg ikkje hadde snakka med på mange år.
Ein treng ikkje vera mange for å ha det triveleg
Eg har lagt lista for mi førjulstid.

Var på tide å skriva dette inlegget no, før siste innspurt. No gjeld det å halda roen sjølv om store deler av julehandelen står att.
Det er då eg må syna meg sjølv at eg kan leva opp til eigne mål.




Heimelaga pølsemiddag ein sein desember kveld













"Jula den kjem alltid om det regner eller snør, og sola den snur alltid, det er bra ho ikkje spør"
Kvit jul på Jæren, det vert nok med draumen i år.

1 kommentar:

  1. Det var flott dei to dagene det var litt snø.
    Men vi jærbuar klarer å lage julestemning selv i\uten snø.
    Her på austlandet blir omtrent heile jula avlyst s\visst det ikke er snø.
    Men i år er jammen det litt usikkert. Det er meldt varmegrader og regn heile uka,
    så da forsvinner nok den snøen vi har.
    Jaja, det holder for meg å lage en koselig julestemning inne.
    Høres ut som du koser deg med det du har å ordne før jul.
    Det er det viktigste.De pølsene er gode ut.
    Jeg stresser heller ikke, Rekker jeg ikke å pakke ut all
    julepynten så går det bra likevel. Men må pakke inn resten av gavene en av de første dagene.
    Og så skal vi ha noen venner på besøk på søndag. Er litt usikekr enda på hva jeg
    skal servere, men tror det blir noe enkelt. Kanskje grøt? Vi får se.
    Ønsker deg ei herlig førjulsuke :)

    SvarSlett