fredag 27. desember 2013

Ei god jul


Fjosnissen ynskjer velkommen inn i fjoset
I Hykken byrjar jula søndag før jul. Då et me "smalaføde" ein gamal jærsk mattatdisjon som nok mest er for dei litt eldre jærbuar.
Det kjem frå den tida då alt på dyra ein slakta skulle brukast. Og "smalaføde" er den nederste delen av sauefoten. Den vert skolda, svidd og skrapa for hår. Så vert han koka i 5-6 timar før me et han saman med mølje, som er flatbrød bløyta opp i kokekrafta.
Dei fleste rynkar nok litt på nasen av det i dage, men for meg som har ete dette sidan eg var liten, og kjent på lukta er dette kanskje endå meir julelukt enn lukt av pinnekjøtt.
Ein liten kikk i "fodagryta"

Slår eit slag for den gode gamle julestjerna,
for meg er jula raud.

Me var 20 til bords denne sundagen i Hykken. Ikkje alle et  føtene, nokre nøyer seg med komle.
Juletreet vårt vert alltid pynta vesle julaftan. Ser jo at mange har nydelege smale og lekkre juletre pynta i fargetema. Vel, me er nok ikkje så flinke i Hykken, her held den norske grana stand, ho drysser alereie når ho kjem inn, og vert pynta med same pynt kvart år(me har nytt tre kvart år altså) Pynten vår er delvis laga av ungane og dei vaksne i Hykken, og ikkje minst er det mange minner der frå turar me har vore på. Det er litt rart men eg kjem ofte heim endåtil frå sommarferiar med noko eg skal ha på treet til jul.

Ugla er frå ein gild Oslotur med gode venniner.
Kula er strikka av faster.
Og den raude nisselua me har i toppen er det mor som har laga.
Lucy har eit avslappa forhold til det heile, ho ligg og leikar at ho er på skogstur ein fin sommardag. Petter Pus hadde ikkje same roen, han trudde me hadde sett opp ei ny katteleike i stova (har ikkje bilete av dette då eg prioriterte å snakka han tilrette)

 I veka før jul fekk me heim både storesyster frå Volda og storebror frå Bardufoss - og vesle julaftan hadde me ein skikkeleg familiekveld.



1. juledag var det middag i fjoset att. Me gjekk rundt juletreet og spela brettspel, begge deler gode aktivitetar når familien er samla.

Har regisstrert at fleire skriv kritisk om alle som fargar eit glansbilete av si jul. Med glade og velkledde barn, pent pynta bord og lykke i lange banar.

 Du bestemmer sjølv kva som er ei fin jul for deg.
 Eg er nøgd med mi, må berre godta at ungar vert trøtte og leie, middagagslaging kan vera hektisk og kattar klatrar i juletreet. Innimellom har eg hatt gyldne og varme øyeblikk.
Ikkje gløym å gå rundt juletreet -
PS! syng med den stemmen du har,
om ikkje anna så vert det god underhaldning.
Og om nissen var snill med meg?
Ja, eg gler meg til å få lufta denne til våren. Klart luking og anna hagearbeid får eit strøk av glamour med rosa trillebåre.
Føler "hagefasaden" fekk eit løft her.
Ha ei god romjul - etter dine eigne mål

1 kommentar:

  1. Her var det mange flotte juleopplevelser.
    Smalaføde har jeg ikke smakt, og det frister heller ikke.
    Men pinnekjøtt, det er julemiddagen her i huset.
    Koselig med så mye familieselskaper i jula
    Her er det jobbing i romjula.
    Ønsker deg ei herlig romjul :)

    SvarSlett