mandag 7. oktober 2013

Leik med kvistar og blad

 Det fine med haustferie er at då har eg tid til å leika litt med sånt som eg likar.
Kvistar, greiner og anna som finns i naturen.
Tidleg i dag stod eg med ein krans eg ikkje heilt visste kva eg skulle henga på. Prøvde med litt av kvart men vart ikkje heilt fornøgd. Pludseleg oppdaga eg at det låg jo fine gule og raude blokker rundt føtene på meg.
Eg stappa dei i kransen -og vips var han haustleg og fin. Så får me sjå kor lenge det varer før dei vert berre brune.


Fiksa opp litt rundt inngangen til fjoset i same slengen.
Så får eg sjå kva eg gjev meg ut på imorgon, det fine med ferie er at då kan me berre venta å sjå kva ein får lyst å halda på med.


 Stine ville og laga pynt, flink jente :-)




1 kommentar:

  1. Så fin høstpynt du har laget. Koselig når ungene vil være med også. Det ble virkelig høstlekkert ved inngangen til fjøset.
    Ha en fortsatt fin og kreativ høstferie:)

    SvarSlett