søndag 6. oktober 2013

Haust i Hykken



Det er haust i Hykken. No er dei fyrste haustfargane kome, og bakken vert fyllt opp med visne blokker.
På loftet heng det to rådyrlår til speking. Dei hag lege i saltlake i 1 1/2 veke fyrst. No skal dei hengja på loftet framover mot jul. Så får me (håpar me) god spekemat til jul. Dette er "slow food" i ordets rette forstand.
I dag var eg og Stine ute å samla grankonglar til julepynten. Me vil samla dei før dei får liggja for lenge på bakken, då er dei ikkje så fine lenger.
 I hagen står sibir kornellen i strålande raudt og gult
Og spireaen lyser og opp grå haustdagar.
Og staudebedet er herleg overvokst, men framleis med asters i blomstring.
Ynskjer dykk alle fine haustdagar - Eg skal nyta ei heil veke med haustferie.

1 kommentar:

  1. Speka rådyrlår er nok godt. Liker så godt spekemat.
    Herlige farger ute nå. En får nyte dei flotte haustdagene en får.
    Må og en tur ut å plukke litt forskjellig til dekorasjoner snart.
    Ønsker dere ei herlig høstferieuke :)

    SvarSlett